Fjøra FK

Historie

Historie

 

Foto: Bent Sæthre. Mollert Lægreid scora det første seriemålet for Fjøra, fredag 10. mai 1974 mot Jotun B.Fjøra FK vart truleg skipa i januar 1974, og etter det me kjenner til fann skipingsmøtet stad ved erverdige Hofslund Hotell. På det tidspunktet klubben vart skipa så var det berre eitt A-lag i kommunen og det var Sogndal. Det hadde uansett kome til å tvinga seg fram eit eller fleire A-lag. Den nye klubben i Sogndal vart skipa som følgje av at altfor mange habile og lokale fotballspelarar la skorne på hylla etter endt junioralder. Dette såg mangeårig juniortrenar, Ove Ask, og han var også primus motor i forhold til å etablere ein ny klubb i bygda.

Fjøra spelte dei første 5 sesongane under namnet Kaupanger fotball. Grunnen til dette var at Sogndalsklubben, mot at nokre betingingar vart oppfylte, kunne låne namnet deira. Kaupanger IL hadde ikkje A-lag i 1974. Føresetnadane for lån av namnet var mellom anna at:

- den nye klubben skulle ha eige stryre og økonomi
- Kaupanger skulle kunne ta attende namnet når det vart behov for det, og
- den nye klubben skulle spele i grøne drakter

Fjøra starta i 6. divisjon i 1974, den lågaste divisjoen på den tida. Første seriekamp vart spelt fredag 10. mai i Øvre Årdal mot B-laget til Jotun. Kampan enda med eit klårt 5-2 tap for dei betre trena årdølene, men sogndølene viste i 1. omgang at dei var bra med. Måla til sogndalsklubben vart sett inn av Terje Selseng og Mollert Lægreid. Me meiner det var Mollert Lægreid som scora det første seriemålet til Fjøra.

Fjøra spelte under Kaupanger fotball i 5 sesongar, men etter 1979-sesongen ynskte Kaupanger å starte opp med eige A-lag. Kaupanger hadde sjølvsagt rett til å ta attende sitt namn, det var ein av føresetnadane for lånet av namnet i 1974, og difor vart det heldt namneval i Sogndal og Fjøra Fotballklubb vann med 6 røyster, framføre Fosshaugane (4 stemmer), Fyk og Trudvang (2 stemmer). Det var Terje Bjelle som kom med forslag om Fjøra FK, eit fantastisk namn som me i dag er svært stolte av.

Denne saka var vanskeleg å løysa både for Fotballkretsen (Idrettskrinsen) og NFF. Problemet i saka låg i at dersom sogndalsklubben ville byte namn, måtte dei starte i lægste divisjonen i fylket som i 1979 var 7. divisjon. Det nyoppstarta Kaupangerlaget som hadde fått attende sitt opprinnelege namn kunne fortsette å spele i divisjonen som sogndalsklubben spelte i, nemleg 5. divisjon. Slik var reglementet til NFF på den tida. No løyste saka seg til det beste for båe partar, men kun etter initiativ frå årdølen Karsten Skuggen Hoff som sende brev til 5. divisjonsklubbane der han ba om eit svar om det var greit at Kaupanger, under det nyeoppretta namnet Fjøra FK, kunne fortsetja å spela i 5. divisjon. Han gjorde det samstundes klart at dersom det vart ei negativ tilbakemelding frå klubbane ville det ikkje bli høve til at eit anna lag kunne koma inn som erstatning. Svaret frå klubbane var positivt og med dette som bakteppe sendt Fotballkretsen saka til NFF som godkjente saka på fotballtinget i Sandefjord.

Foto: Bent Sæthre. Frå ei Fjøratrening siste halvdel av 1970-talet. Legg merke til den klassiske Domus-posen.

Fjøra sin logo er utforma av Ottar Lægreid og laga i 1981. Det var usemje om det skulle stå 1980 eller 1974 på logoen, sidan Fjøra FK som namn ikkje formelt var klart før i 1980. Men etter avrøysting i styret vart det bestemt at det skulle stå 1974, det var tross alt då klubben vart skipa.

Fjøra rykte opp i 5. divisjon i 1977 og spelte i denne divisjonen fram til og med 1983. Då rykka dei opp i 4. divisjon, eller det som i dag tilsvarar 3. divisjon. Fjøra spelte med unntak av ein sesong på nivå tilsvarande 3. divisjon og har etablert seg som eit av dei betre laga i fylket. I 1999 rykte Fjøra opp i 2. divisjon, og er eitt av 13 lag frå fylket som har spelt i 2. divisjon. Fjøra rykte ned frå 2. divisjon året etter på grunn av omlegging av divisjonssystemet, og spelte i tredjedivisjon til dei rykka ned til 4.divisjon i 2011-sesongen. I 2015 rykka Fjøra opp igjen til 3.div og pr 2017 spelar laget framleis i 3.divisjon

Fjøra FK har gjort seg bemerka i cupsamanheng også. Mellom anna så har dei vunne Sør-Norge cupen i 1984, Firdacupen 3 gonger (1996, 1999 og 2001), samt at dei har spelt seg fram til 1. runde i NM 7 gonger. I 2007 kvalifiserte dei seg sågar til 2. runde, der dei møtte Stabæk på Sogndal stadion. Heile 777 betalande tilskodarar møtte opp og det er rekord i klubben. Fjøra tapte 4-0 mot stjernegalleriet til Bærumslaget.

Fjøra er ein klubb som ikkje har eigenrekruttering. Likevel har laget etablert seg som eit av dei betre laga i fylket og er i dag ein seriøs og veldriven klubb.

For ein del år attende vart det gjort eit ærleg forsøk på å skriva historien til Fjøra med tanke på ei bokutgiving. Arbeidet kom brukbart i gong, men stranda då det tok for mykje tid. Det kom likevel noko svært positivt ut av dette, då det vart samla inn utruleg mykje stoff om klubben. Dette betyr at Fjøra i dag sit på eit omfattande og unikt arkiv for ein klubb på dette nivået.

Sjølv om bokprosjektet av ulike årsakar stranda, er det likevel skrive ein god del frå dei første åra.

Kapittel 1 - Frå tanke til handling
Kapittel 2 - Skipingsprosessen
Kapittel 3 - Sesongen 1974 - Dei første stega
Kapittel 4 - Sesongen 1975
Kapittel 5 - Sesongen 1976
Kapittel 6 - Sesongen 1977 - Endeleg opprykk
Kapittel 7 - Sesongen 1978 - Ungdomen viser veg
Kapittel 8 - Sesongen 1979
Kapittel 9 - Lausrivinga frå Kaupanger
Kapittel 10 - Sesongen 1980
Kapittel 11 - Sesongen 1981
  
Det er også skrive fleire oppgåver om Fjøra FK, og dei me kjenner til er:

Fjøra Fotballklubb 1974 - 2000  (Prosjektoppgåve HiSF 2000 - Jon Arve Pedersen)
Utviklinga av Fjøra Fotballklubb 1974 - 2005  (Lokalhistorieoppgåve HiSF 2005 - Einar Dons Brath og Berit Veka)
Teoretisk oppgåve trenar II-kurs  (2006 - Jan Rune Årøy)
   

 


Fjøra Fotballklubb
Postboks 188, 6851 Sogndal |  
www.fjora.no | post@fjora.no | 95805550
Dersom du ynskjer å nytta innhald frå nettsida, ver venleg å oppgi kjelda
.

 

Hovudsponsorar

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products