Fjøra FK

Turneringsreglement

Turneringsreglement

Pga endringar i divisjonssystemet vil det også bli endringar i lisensreglementet på herresida i 2017, me kjem tilbake til dette i august

 
 

TURNERINGSREGLEMENT

 §1 - Spelebane

1.

Bana vil bli ca. ¼ av ei normal bane.

2.

Måla som blir brukt er 2x5 meter.

   

§2 - Spelarane

1.

Kvart lag må minimum bestå av 8 spelarar, maksimum 12 spelarar. Det kan søkast dispensasjon til å få nytta fleire spelarar.

2.

Maks 6 spelarar på bana (samstundes) frå kvart lag, medrekna keeper. Innbyte kan skje fritt.

3.

Ein kan ikkje spele for fleire lag under turneringa, ei heller om opprinneleg lag vert utslegne i gruppespelet.

   

§3 – Begrensingar – ”lisensspelarar”

1.

Spelarar må fylle 16 år inneverande år for å delta, inga begrensning i høve øvre aldersgrense.

2.

 

Herrespelarar 16-34 år, som har starta seriekamp i 4.div eller høgare i årets sesong er lisensspelar/aktiv
Damespelarar 16-34 år, som har starta seriekamp i 2.div eller høgare i årets sesong er lisensspelar/aktiv
Spelarar  frå det året dei fyller 35 år og oppover kan delta fritt, uansett nivå dei spelar på.
 

3.

For aktive herrespelarar i 5.div er ikkje lisensreglane klare endå, kjem i juli/august. Kan bli endringar pga endringar i divisjonsssystemet

4.

Aktive herrespelarar frå og med 6. div og nedover, og damespelarar frå og med 3. div og nedover vert ikkje rekna som ”lisensspelarar”.

5.

Maks 2 ”lisensspelarar” i kvar tropp/lag.

6.

Det kan berre vere 1 ”lisensspelar” på bana per lag til ei kvar tid.

   
   

§4 - Generelle reglar

1.

 

 

 

Kamptid 1x13 minuttar.

Ingen tilleggstid, men i særs spesielle tilfelle som ved ekstrem sabotasje eller langvarig skadeavbrekk KAN dommar/kampansvarleg legge til tid. Må opplysast i god tid før sluttsignalet går

Dersom eit lag får straffe eller frispark og ikkje rekk og ta dette før sluttsignalet går skal laget likevel få ta dette sjølv om tida er ute. (NB! Direkte skot ved frispark)

2.

Alle lag pliktar å stille seinast 5 minuttar før oppsett kamptid. Dersom eit lag ikkje møter til kampstart vert motstandarlaget tildelt seier 3-0, og 3 poeng.

3.

 

Er det uavgjort i sluttspelet etter full tid, spelar me sudden death. 3 mot 3 inklusiv keeper i 2 minutt og deretter 2 mot 2 inklusiv keeper i 2 minutt. Viss ikkje mål etter 4 minutt vert det avgjort på straffe, ein og ein. Det er ikkje lov med spelarbyte i sudden death, men ein kan velge mellom alle i troppen  når straffane byrjar. Det er lov å ta ut keeper og setta utpåspelar som alt er på bana i mål i sudden death (men ikkje innbyte)

4.

 

 

Innkast og corner vil bli som normalt, offside eksisterer ikkje.
5meter  avstand til mur ved frispark o.l.
Kun direkte frispark, indirekte frispark eksisterer ikkje
Det er lov å skyte/score direkte fra avspark
 

5.

Straffespark vil bli teke frå grenselinja til straffefeltet dvs. so langt ut so keeper kan ta ballen med hendene (ca 7m).

6.

Det vil bli ein domar per kamp. Ver snill mot domaren!

7.

Sklitakling er ikkje lov og vert ansett som  forseelse som gir frispark i mot. Det er lov med såkalla hockeyblokkering, men det inneber ein viss avstand til spelar. Keeper kan sklitakle innanfor målområdet sitt.

8.

Gult kort: Utvising i 3 minuttar. Spelaren som får gult kort har høve til å koma inn att så snart straffa er sona. Det er ikkje høve til å setja inn ein annan spelar for den som vert utvist. Laget må spela med ein mann mindre i 3 minuttar.

9.

Raudt kort: Spelaren vert utvist for resten av kampen. Laget har ikkje høve til å setja inn ny spelar. Den utviste spelaren kan spele neste kamp med mindre sekreteriat/dommar meiner forseelsen er av særs grov karakter

10.

 

Keeper må kaste ut når han set i gang. Ved dødball har keeper ikkje lov å kaste ballen over midtlina. Brot på dette vert straffa med frispark til motstandar på midtlina. Er ballen i spel kan keeper legge ballen ned og bruke beina som ein vanleg utpåspelar og også sparke over midten (ikkje volley-utspark). Keeper har også lov å kaste ballen i mål når ballen er i spel

   

§5 - Sluttspel

1.

 

 

Om to lag står likt etter dei innleiande kampane, blir plasseringa avgjort slik:
A.  Målforskjell
B.  Flest scora maol
C.  Innbyrdes oppgjer
D.  Loddtrekning  av  Jan Rune Årøy eller ein anna adekvat loddtrekkarperson.

2.

8-delsfinalane vil gå etter oppsettet, men dersom det viser seg at lag frå same innleiande pulje (kan bli tilfelle dersom tredje beste lag går vidare) skulle møtast i 8. delsfinalen vert det rokkeringar. Ikkje spesielt artig å møta same lag som i gruppespelet.

   

§6 - Utstyr

1.

Eige ansvar, men ser helst at deltakarane brukar leggbeskyttarar, då mykje står på spel, og ambulansen ekje alltid so god å få fat i. Fjøra låner ut vestar til dei som ikkje har høve til å stilla med eigne drakter.

   

§7 - Skadar

1.

Fjøra fråskriv seg alt ansvar ved personskade, men stiller med det mest naudsynte utstyret for førebyggjing av skade, is og tape.

   

§8 - Protest

1.

Protest kan leverast munnleg til sekreteriater seinast 5 minutt etter kampslutt.

§8 - Sanksjonar

1.

Lag som trekker seg etter påmeldingsfristen er ute må betale halv påmeldingsavgift

2.

Lag som nyttar seg av fleire lisensspelarar enn det som er tillatt iflg reglement får ikkje spele fleire kampar i turneringa

   


Fjøra Fotballklubb
Postboks 188, 6851 Sogndal |  
www.fjora.no | post@fjora.no | 95805550
Dersom du ynskjer å nytta innhald frå nettsida, ver venleg å oppgi kjelda
.

 

Hovudsponsorar

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products