Påmelding til Kjempenes Liga 2013!

Torbjørn Ylvisåker , 1871 visninger
Påmeldinga er no ute, men me treng eit damelag til slik at me blir to grupper a 4 lag!

Oppdatert:
Det er pr 11.november påmeldt 26 herrelag og 7 damelag til turneringa. Me er SVÆRT interessert i å få inn eit damelag til slik at me vert to grupper med 4 lag i kvar gruppe. Så kom an jenter og meld på!!! Minner også om at lagleiarar må sende meg spelarlister

 

Etter 16 år i studentturneringa har Edwin Hjelmhaug teke med seg Favorittane FK til Kjempenes Liga, og me gler oss sjølvsagt til å sjå dette laget i KL 2013. Laget består i stor grad av lærastudentar frå Edwin si tid som student ved HSF, og mange av oss har vel også gått og nynna på den eigenproduserte fotballsangen deira frå ein del år tilbake: "Me e favorittane, favorittane, å-ååå-å, me e favorittane, favorittane, å-ååå-å. Eg heite Edwin, Edwin Hjeeelmhaug osv..." Er me heldige får me høyra x-studentane framføra denna på ny iløpet av dagen/kvelden... :)

Ellers er det veldig gledeleg å sjå Sturla Kollshaugen fullt restituert og tilbake med Farande Fant etter ein stygg skade i fjorårets turnering. Sturla kolliderte med eigen keeper og hamna etter kvart via lege og Førde Sjukehus på operasjonsbordet på Ullevål med fleire stygge brotskadar i andletet. Kollshaugen som budde ni år i Sogndal er no busett i Gjøvik og me håpar og trur han vil få ei betre oppleving i årets turnering. Sjå link til Oppland Arbeiderblad for fyldig intervju av Sturla etter skaden: http://www.oa.no/sport/article6372188.ece

Det er også gledeleg at Jonn Erik Aasen (manager i Farande Fant) har fått med seg Claus Lundekvam til Sogndal for å sette farge på årets turnering. Lundekvam var også i bygda i 2011 då turneringa vart avlyst akkurat i det den skulle starte pga brann i eit sikringskåp og er no tilbake for å få sin debut i denne prestisjetunge turneringa. Her har ein dermed sjansen til å dra luke på ein tidlegare Premier League-spelar så det er berre å samla ein gjeng kameratar og melda seg på turneringa! For ikkje å skuffa Frode Danielsen lyt me nemna at også han er ein viktig spelar på dette laget. 79-modellen og son til Fjøraguru Kai Vidar er glad i tunnelar og offansive løp fra sin backposisjon, motstandarane er herved advart!

Me har fått inn ein del lister på spelarar allereie, og vil gjerne ha dette frå fleire så snart det er klart slik at me etter kvart kan legge det ut på nettsida. Sjå eigen sak for påmeldingsinformasjon og reglement. Påmeldte lag hittil:

  Herrelag Lagleiar     Damelag Lagleiar
1 Favorittane FK Edwin Hjelmhaug   1 Ninjas Ingrid Hagen
2 Pøkkers Jan Andre Kvam   2 Leite Mix (D) Renate Buene
3 Innaføringadn Tore Madsen   3 Søndagsfruer Linda Rebni
4 Leite Max Odd Arne Tveito   4 Skrofsedn Linda Brusegard
5 Ornes IL Ole Petter Hatlevoll   5 Fruktfatet Trine Sætre
6 Fjøra All Star Osvald Lykkebø   6 Veggen Vivian Kvam
7 Sunnfjord FHS Are Gunnar Korsvoll   7 Kjeringadn Annvei Foss
8 Farande Fant Jonn Erik Aasen   8 ?  
9 WASA United Bjarte Hovland        
10 Lærdal IL JanAndre Voll        
11 Pattaya Utd (tidl YIS) Svenn-Erik Vagstad        
12 Stjernekua! Arve Uglum        
13 Leite Mix Ørjan Høgi        
14 Engebø Racing Geir Ove Engebø        
15 La Albiceleste Reunion Tor Håkon S Nordenhaug        
16 BaardHenjum Dag Are Relling        
17 Stonehenge Utd Håvard T Lilletvedt        
18 Sognasnadder IL Ørjan Fåberg        
19 Klamphoggaradn Kjell Magne Nes        
20 Norane IL Kristian Ølmheim        
21 Thundercunts Sondre Herstad        
22 Kattepusene Eirik Kristoffersen        
23 Charterfeber Sindre Sanden        
24 Systrånd Eivind Røysum        
25 Elle Melle Jons Elle        
26 Lett seier Kristoffer Hatlevik        
             

 

 Nedanfor er tidlegare vinnarar av Kjempenes Liga sidan oppstarten i 2002:

    Herreklasse   Dameklasse
2013   ???   ???
2012   Leite Max   Nederlaget
2011   Josteins Juveler   Fellesfjøsen
2010   Josteins Juveler   Krutinene
2009   Leite Mix   Krutinene
2008   Vik Gym   Skrofsedn
2007   Lægreidspuben   Lillehammer Bandits
2006   Fjøra All Star   Krutinene
2005   Haugen Power    
2004   Fjøra All Star    
2003   Leite Mix    
2002   Sogndal Kommune    


Fjøra Fotballklubb
Postboks 188, 6851 Sogndal |  
www.fjora.no | post@fjora.no | 95805550
Dersom du ynskjer å nytta innhald frå nettsida, ver venleg å oppgi kjelda
.

 

Hovudsponsorar

©2014 Markedets beste IT-plattform for idretten 123klubb leveres av KX Products as