Spjelkavik - Fjøra 2-1

Tap i andre serierunde for Fjøra

På grunn av omkøyring etter brannen i Fjærlandstunnelen reiste me til Aalesund fredag og stillte godt førebudd til kamp laurdag kl 14 på Spjelkavik stadion.
 
Me vann begge kampane mot Spjelkavik i fjor men i dag måtte me sjå oss slått 2-1 og det var vel ingenting og sei på det resultatet etter spel og sjansar. Benjamin Sunde gav heimelaget leiinga etter om lag halvtimen medan Bakary fekk stå heilt umarkert i feltet og heada inn utlikninga etter 51 minutt. Om lag tjue minutt før slutt var det Sunde som fekk stå åleine i feltet til Fjøra og fastsette med den scoringa sluttresultatet til 2-1.
 
Det vart etter kvart ein del slitne bein på Fjøra på ei litt tung grasmatte og me klarte aldri og sette inn ein skikkeleg sluttspurt og jage utlikning. Me takkar Spjelkavik for kampen og ekstra takk for at dei gjekk med på å flytte kampen frå kl 16 til 14 slik at me fekk eit litt gunstigare reiseopplegg.
 
Neste kamp for Fjøra er som dei fleste har fått med seg heime mot Sogndal i cupen onsdag kl 1800. Møt opp på stadion og ver med og gjer dette til eit lokaloppgjer med ekstra mykje folk og god steming. Kanskje klarer me og slå publikumsrekorden mot Stabæk frå 2007 med 777 tilskodarar?
 
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 22.04 kl 14.00
Arena: Spjelkavik stadion
Turnering: Serie
Dommar: Kristian Melset
        
Spjelkavik – Fjøra 2-1 (1-0)
1-0    31 min Benjamin Skulstad Sunde
1-1    51 min Bakary Traore
2-1    71 min Benjamin Skulstad Sunde
 
Gult kort Fjøra: Joar Hoberg, Stian Njøs, Steffen Olsen, Karsten Bjelde
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Kenneth Skjerven
Henrik Navarsete
Per Eirik Lunde (Torbjørn Oddenes frå 86.)
Joar Tryti
Ørjan Sørflaten
Joar Hoberg (Karsten Bjelde frå 55.)
Steffen Olsen (Stian Njøs frå 73.)
Eirik Kristoffersen (Espen Outzen frå 81.)
Mathias Flo
Bakary Traore

 Neste heimekampar: 

 
 Fjøra - Sotra            26.08  kl 1600
 Fjøra - FKH 2          09.09  kl 1300
 Fjøra - Stord            23.09  kl 1400
 
 Hovudsponsorar:

    

 

  Sponsorar:             

             

    

           

           

     

   

    

          

  

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

      

        

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products