Fjøra - Sogndal onsdag kl 18 i NM 1.runde

For første gang sidan år 2000 møtes Fjøra og Sogndal i NM. Ver med og gjer dette til ein fotballfest og møt opp på Campus!

Fjøraspelarane har i dag gjennomført ei lett restitusjonsøkt og rista av seg tapet mot Spjelkavik og ser no framover mot cupoppgjeret mot Sogndal onsdag klokka 18. Det er ikkje mykje som er kjekkare for ein fotballspelar på grasrota enn og få møta eliteseriemotstand i cupen så det har vore god stemning i spelargruppa etter det vart kjendt at det er Sogndal som sit i bortegarderoben onsdag.
 
Fjøra har møtt Sogndal fire ganger tidlegare i cupens første runde, sist gang heilt tilbake til 2000 så me er glade for endeleg å få denne sjansen igjen. I 2000 vann Sogndal knepent 1-0 etter at Fjøra blant anna hadde vore tre gonger åleine med keeper før det var spelt tjue minutt, utan utteljing. Sist me var i første runde er heilt tilbake til 2010 då me fekk bank og tapte 1-6 mot eit godt Førdelag.
 
Ein gang har Fjøra teke seg vidare til andre runde og det var i 2007 då me slo ut Hødd 3-1 i første runde etter ein praktkamp og mål av Arild Underdal og Frode Kvam (2). Same år rykka Hødd opp til 1.divisjon. I andre runde vart det 0-4 tap for Stabæk med blant andre Alanzinho og Veigar Pall Gunnarson på laget men likevel ei stor oppleving for Fjøraspelarane og 777 tilskodarar mot Stabæk er framleis publikumsrekorden til Fjøra. Då det vart kjendt at Fjøra skulle møta Brann i 2002 var fleire Fjøraspelarar nede i kneståande og jubla av begeistring så det er liten tvil om at eliteseriemotstand i cupens første runde er noko og sjå fram til.
 
Fjøra sine 1.runde-kampar i cupen:
1986:  1-3 Sogndal
1990:  1-4 Sogndal
1992:  1-2 Sogndal
2000:  0-1 Sogndal
2002:  0-3 Brann
2004:  0-2 Hønefoss
2007:  3-1 Hødd
2009:  0-1 Løv Ham
2010:  1-6 Førde
 
Det er altså ikkje eliteseriemotstand men derimot Førde som har påført Fjøra det største tapet i cupens første runde.
 
Det kjem alltid nokre cupbomber i dei første rundane i cupen og denne kan like godt komme på Campus som nokon andre plassar. Me gler oss veldig til denne kampen og håpar sogndølene stiller opp i hopetal og gjer dette til ein fotballfest for både spelarar og publikum.
 
Troppen til Fjøra er ikkje heilt klar men det vert ikkje store forandringar frå dei to første seriekampane. Joar Hoberg er usikker etter ein smell i kneet mot Spjelkavik, medan Gøran Wigum truleg er tilbake i troppen.
 
Skal du på kamp set me pris på om du er ute i god tid slik at ikkje alle kjem like før kampstart. Det er også topp om du har akkurat i inngangspeng eller står klar med vipps-appen og søker opp «Fjøra billett/kiosk».
 
Inngang 100 kr for vaksne over 16 år, 50 kr for russen. Dei under 16 eller med Fjøra sitt sesongkort gratis inngang. Mykje gode kaker, vafler med meir i kiosken. Inngang primært på hjørnet ved gamle gymnasbygget eller vanleg inngang midt på langsida ved trappa.
 
Vel møtt på kamp, er du usikker på kven du skal heia på så heiar du på heimelaget :) 

 Neste heimekampar: 

 
 Fjøra - Sotra            26.08  kl 1600
 Fjøra - FKH 2          09.09  kl 1300
 Fjøra - Stord            23.09  kl 1400
 
 Hovudsponsorar:

    

 

  Sponsorar:             

             

    

           

           

     

   

    

          

  

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

      

        

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products