Fjøra - Varegg 3-4 (2-3)

Knepent tap i målrik kamp

Foto: Rune Sjøberg
Fjøra tok i mot Varegg på heimebane og var sugne på å revansjere 3-5 tapet mot Os frå førre serierunde. Og det åpna bra for Fjøra då Sørflaten stjal ballen frå ein Varegg-forsvarar og gav heimelaget leiinga 1-0 etter 13 minutt. Men første omgang tilhøyrde i all hovudsak Varegg, som trilla mykje ball medan Fjøra vart springande etter og sjeldan klarte og etablere eige spel. Utlikninga som låg i lufta kom ved Torbjørn Aabrekk etter 19 minutt og etter om lag halvtimen sende Ulvestad bortelaget opp i leiinga då vår elles så solide keeper var litt uheldig og feilberegna stussen i ballen. Fem minuttar seinare er plutseleg Aabrekk åleine med keeper etter eit raskt innkast der vi ikkje er heilt med på notane og vi er under 1-3. Minuttet før pause plukkar Sørflaten opp ein retur frå Mathias Flo og set inn ein veldig viktig 2-3 redusering før laga går til pause.
 
Ingen god omgang av Fjøra der vi let Varegg styre altfor mykje av spelet og sjølv om vi er uheldige på to av baklengsmåla er det fortjent at Varegg leiar til pause. Vi vart i periodar veldig baktunge og det vart mykje springing og jaging mot eit ballsikkert bortelag. 
 
Reduseringa til Sørflaten like før pause gav Fjøra energi og i andre omgang klarer vi og flytte presset vårt mykje høgare i bana og stressar Varegg samtidig som vi er mykje meir fornuftige med ball i bein. Når timen er spelt headar Wigum ein god corner mot mål, og returen dett ned i beina på Oddenes som set inn 3-3 og vi er tilbake i kampen. Resten av andre omgang er jamn og kampen ligg og vippar heilt til Torbjørn Aabrekk avgjer kampen tre minutt før ordinær tid, 3-4 favør Varegg.
 
Dermed enda vi dessverre med null poeng mot eit lag vi helst bør ha tre mot på heimebane, men vi tek likevel med oss mykje positivt frå andre omgang, det gjeld berre og vera modige nok og gjenskapa det vi gjer på trening så vil poenga også komma.
 
Neste laurdag møter vi Sotra borte, eit lag som kanskje litt overraskande ligg på toppen av tabellen etter fire serierundar. Vi skal iallfall gjera vårt for at dei ikkje ligg på toppen etter fem rundar så får me sjå om me lykkast med det :) 
 
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 06.05 kl 16.00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Jonny Skjerven
        
Fjøra – Varegg 3-4 (2-3)
1-0    13 min Ørjan Sørflaten
1-1    19 min Torbjørn Aabrekk
1-2    29 min Thomas Ulvestad      
1-3    33 min Torbjørn Aabrekk
2-3    44 min Ørjan Sørflaten
3-3    59 min Torbjørn Oddenes
3-4    87 min Torbjørn Aabrekk
 
Gult kort Fjøra: Gøran Wigum, Mathias Flo
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Kenneth Skjerven
Gøran Wigum
Torbjørn Oddenes
Joar Tryti
Ørjan Sørflaten
Henrik Navarsete
Steffen Olsen (Karsten Bjelde frå 79.)
Eirik Kristoffersen (Espen Outzen frå 70.)
Mathias Flo (Håvard Stedje frå 88.)
Bakary Traore

 Neste heimekampar: 

 
 Fjøra - Fyllingsdalen    07.10  kl 1500
 Fjøra - Herd                 21.10  kl 1400
 
 Hovudsponsorar:

    

 

  Sponsorar:             

             

    

           

           

     

   

    

          

  

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

           

        

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products