Fjøra - Brann2 fred 19.mai kl 18

Ingen 16.mai kamp for Fjøra men fredag kjem Brann sitt andrelag på besøk

Laurdag kl 18 er det duka for årets kamp på Campus, då Sogndal tek i mot Brann. Nøyaktig eitt døgn før varmar vi opp med Fjøra - Brann 2.

Brann 2 har plassert seg midt på tabellen etter fire serierundar med to sigrar, to uavgjort og eit tap medan Fjøra etter seier i første runde deretter har fire tap og ligg nest sist. Vi har vist framgang i spelet vårt siste tida trass lite poeng og må fortsette denne framgangen skal vi sitte att med alle poenga i denne kampen. I tillegg må vi inn og delta i duellspelet fra start, då vi var litt passive mot Sotra og fekk to baklengs første fem minutta, noko som avgjorde kampen før den var komt skikkeleg i gang.

Fredagens kampsponsor, Sparebanken Sogn og Fjordane, oppfordrar alle til å starte fotballfesten mot Brann allereie fredag og håpar flest muleg set av tid til også å få med seg Fjøra - Brann 2. Fredag 19.mai på Campus, kampstart klokka 18. Inngang kr 50 for dei over 16 år, litt å bita i i kiosken

Til slutt vil me ynskja alle ein flott nasjonaldagsfeiring, me sjåast fredag klokka 18!

 Neste heimekampar: 

 
 Fjøra - Førde            02.07  kl 1800
 Fjøra - Spjelkavik     05.08  kl 1500
 Fjøra - Os                 12.08  kl 1500
 
 Hovudsponsorar:

    

 

  Sponsorar:             

             

    

           

           

     

   

    

          

  

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

      

        

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products