Fjøra - Brann 2 1-1

Postive takter frå Fjøra som basert på andre omgang hadde fortjent meir enn eitt poeng

(Foto: Endre Romøren/Sogn Avis)
Fjøra fortsatte framgangen frå Sotrakampen og hadde nok i dag, kampen sett under eitt, fortjent alle tre poenga. Men nok ein gang slit me litt med å komma i gang og i første omgang styrer Brann 2 kampen. Trillar mykje ball og skaper 2-3 store sjansar medan Fjøra kun har eit par halvsjansar .
 
I andre omgang åpnar vi veldig bra og alt etter to minutt har Bakary Traore ein enorm trippelsjanse men klarer ikkje få ballen i mål. Om lag fem minutt seinare avsluttar Traore rett på keeper frå 12 meter og etter kvarteret har Kristoffersen ein god sjanse frå litt skrått hald etter flotte kombinasjonar mellom han og Sørflaten på vår venstreside. Halvvegs ut i omgangen sende Karsten Bjelde Brann 2-keepren ut i full strekk med eit godt volleyskot som vart slått til corner. Innimellom har Brann 2 eit par gode skotforsøk, også ein i tverra kvarteret før slutt, men Fjøra klart best i andre omgang.
 
Så skjer det som ofte skjer når ein ikkje får ballen i mål. I etterkant av ein corner spelar Brann 2 seg flott gjennom og Fossnes breidsidar til slutt ballen i mål etter godt førearbeid på venstresida. Men fem minutt seinare utliknar dagens Fjøramann, Gøran Wigum, med eit kontant hovudstøt og 1-1 stod seg også kampen ut.
 
Litt tregt i gang i dagens kamp også og det går om lag ein omgang før vi skjønnar at vi kan styre kampen. I andre tørr vi mykje meir med ball og vi går også ut med ein mykje tøffare innstilling i hovudet. Kjekt og sjå Gøran Wigum tilbake i godt gammalt slag, han styrte mykje bakfrå og hadde mange gode igangsetjingar samstundes som han og stopparkollega Oddenes rydda godt unna defensivt. Prikken over i-en med utlikning i 87. speleminutt! Også viktig for Fjøra at Hoberg er tilbake frå skade, treng ein som legg flatt rundt seg no når også Per’n er skada :) 
 
Litt skuffa er me over kun eitt poeng, men når me kom under åtte minutt før slutt skal me også vera fornøgd med poenget me fekk så får me gå for tre neste helg borte mot Haugesund 2 i staden!
 
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 19.05 kl 18.00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Dan Kåre Esp
        
Fjøra – Brann 2 1-1 (0-0)
0-1    82 min Markus Fossnes
1-1    87 min Gøran Wigum (Eirik Kristoffersen)
 
Gult kort Fjøra: ingen
 
Fjøra:
Emil Harloff
Henrik Navarsete
Gøran Wigum
Torbjørn Oddenes
Eirik Kristoffersen
Ørjan Sørflaten
Joar Hoberg
Karsten Bjelde (Espen Outzen frå 84.)
Kenneth Skjerven (Kenneth Skjerven frå 46.)
Mathias Flo
Bakary Traore (Håvard Stedje frå 78.)

 

 

 Neste heimekampar: 

 
 Fjøra - Førde            02.07  kl 1800
 Fjøra - Spjelkavik     05.08  kl 1500
 Fjøra - Os                 12.08  kl 1500
 
 Hovudsponsorar:

    

 

  Sponsorar:             

             

    

           

           

     

   

    

          

  

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

      

        

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products