Vinnarar sponsorkontraktar april, mai og juni

Alf Dyrdal, Frank Flåten og Mona Kristin Berge Beheim kan gle seg over kvar sitt gavekort på Intersport på 4000 kr. Me gratulerer!

Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.

Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit gåvekort pålydande 4.000 kroner frå Intersport Sogndal. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 3 vinnarar i slengen. Vinnarane vil få tilsendt gavekortet i løpet av kort tid.

Vinnarane for april, mai og juni er no trekte, og dei heldige vinnarane finn du under, me gratulerer!

 
MND
NR
VINNAR
Januar
005
Mathias Mardal
Februar
318
Arild Hopen
Mars
376
Aslak Randmo
April
373
Alf Dyrdal
Mai
079
Frank Flåten
Juni
040
Mona Kristin Berge Beheim        
Juli
 
 
August
 
 
September
 
 
Oktober
 
 
November
 
 
Desember
 
 

 

 Hovudsponsorar:

    

     

  Sponsorar:                        

    

           

           

     

   

    

          

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

           

        

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift