Fjøra - FKH 2 4-4

Målrikt då Fjøra henta opp 0-3 og utlikna på overtid

Foto: Sogn Avis
Tidleg kampstart og Brann-Sogndal i Bergen gjorde sitt til litt dårleg oppmøte på tribuna i dag. Dei som imidlertid hadde teke turen til Campus fekk sjå ein veldig underholdande kamp som til slutt enda 4-4 då Malvin Gjerde scora på straffe godt inne i overtida.
 
Men det var lite som tyda på at Fjøra skulle få med seg poeng idet bortelaget etter 41 minutt gjekk opp i 3-0 leiing. Like før hadde Sixten Jensen ein heading i stolpen på blank kasse. Sixten fekk imidlertid revansj minuttet etter 0-3 då han etter fine kombinasjonar med Karsten Bjelde sette inn 1-3 som stod seg til pause. Det var noko tamt over Fjøra i den første omgangen og bortelaget gjekk til pause med fortjent leiing.
 
Før andre omgang endra vi litt formasjon og då timen var spelt hadde Malvin Gjerde og Kenneth Skjerven utlikna leiinga til Haugesund. Fjøra køyrde no kampen og hadde fleire gode sjansar til å ta leiinga. I staden tråkla bortelaget seg gjennom på vår venstreside og gjekk opp i 3-4 12 minutt før slutt. Fjøra jaga utlikning og på overtid treff eit innlegg frå Steffen Olsen ei Haugesund-hand og straffe til Fjøra. Litt protestar frå bortelaget då det var kort avstand til spelar men handa var såpass langt ut frå kroppen at straffen var klar nok etter vår meining. Malvin Gjerde gjer ingen feil og bergar eitt poeng tre minutt på overtid til stor jubel på Fjørabenken. Vossingen står dermed med seks mål på sine seks første kampar etter overgangen frå Studentspretten.
 
Uavgjort var nok eit greitt resultat utfrå at laga hadde kvar sin omgang men ikkje eit resultat nokon av laga kan vera fornøgd med utfrå tabellposisjon. Fjøra må ta med seg den solide andreomgangen når dei neste helg møter topplaget Brattvåg borte.
 
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 09.09 kl 13.00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Dan Kåre Esp
        
Fjøra – Haugesund 2  4-4 (1-3)
0-1    21 min Kaj Stian Apeland
0-2    30 min Eric Ndayisenga
0-3    41 min Kaj Stian Apeland     
1-3    42 min Sixten Jensen
2-3    49 min Malvin Gjerde
3-3    60 min Kenneth Skjerven
3-4    78 min Kristoffer Velde
4-4    90 min Malvin Gjerde (str)
 
Gult kort Fjøra: Joar Hoberg, Eirik Kristoffersen
 
Fjøra:
Emil Harloff
Bendik Haarberg
Per Eirik Lunde
Eirik Husabø
Eirik Kristoffersen
Kenneth Skjerven
Håvard Stedje
Joar Hoberg (Erlend Grov frå 66.)
Karsten Bjelde (Steffen Olsen frå 46.)
Sixten Jensen (Arild Underdal frå 81.)
Malvin Gjerde

 

 Neste heimekampar: 

 
 Fjøra - Fyllingsdalen    07.10  kl 1500
 Fjøra - Herd                 21.10  kl 1400
 
 Hovudsponsorar:

    

 

  Sponsorar:             

             

    

           

           

     

   

    

          

  

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

           

        

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products