Trekning av dei siste tre gavekorta på Intersport

Kampen mot Herd i morgon går på Kvåle stadion og der har me dessverre ikkje speakertjeneste. Me har derfor trekt dei siste sponsorkontraktane i dag og vinnarar denne gang vart Kevin Lund Olsen, Emil og Frida Kvam og AH Bygg! Gavekorta kan hentast under kampen i morgon eller det vil bli tilsendt i etterkant.

Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.

Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit gåvekort pålydande 4.000 kroner frå Intersport Sogndal. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 3 vinnarar i slengen. Vinnarane vil få tilsendt gavekortet i løpet av kort tid.

Vinnarane for dei tre siste månadene er no trekte, og dei heldige vinnarane finn du under, me gratulerer!

Då var alle gavekorta for 2017 trekte. For vinnarane er det berre å slå seg laus på Intersport og for alle oss andre kjem det nye sjansar i 2018, takk til alle som har støtta Fjøra gjennom kjøp av sponsorkontrakt i 2017!

 
MND
NR
VINNAR
Januar
005
Mathias Mardal
Februar
318
Arild Hopen
Mars
376
Aslak Randmo
April
373
Alf Dyrdal
Mai
079
Frank Flåten
Juni
040
Mona Kristin Berge Beheim        
Juli
385
Arne Senneset
August
277
Jarle Aarvoll
September
023
Christian Bøyum Foss
Oktober
098
Kevin Lund Olsen
November
119
Emil og Frida Kvam
Desember
408
AH Bygg AS

 Hovudsponsorar:

    

     

  Sponsorar:                        

    

           

           

     

   

    

          

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

           

        

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift