Fjøra avslutta med tre poeng mot Herd

Sesongen enda med nedrykk men Fjøra kan ta med seg ein god sesongavslutning inn mot 2018-sesongen

Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no (arkiv)
Fjøra gjorde nok ein god heimekamp mot tredjeplasserte Herd og fekk revansje for det tunge 7-1 tapet i juli med 1-0 seier i dagens kamp. Kampen var relativt jamn og bar i periodar litt preg av at ingen av laga hadde anna enn æra og spele for. Avgjersla kom etter 79 minutt og var av det flotte slaget. Karsten Bjelde kom på eit djupt løp frå sin midtbaneposisjon og fekk ein krempasning i bakrom. Akkurat idet det ser ut som keeper skal rekka ballen først vippar Bjelde ballen elegant over Herd sin utrusande sisteskanse før han headar ballen i tomt mål. Fjøra heldt greit unna på slutten og tok med det sin sjuande seier for sesongen.

Alt i alt ein godkjendt sesong av Fjøra sitt mannskap og etter litt tilvenningsproblem i starten av sesongen har spelarane vokse med oppgåva og plukka jamnt med poeng. Fjøra sin skjebne var som nemnt avgjort 2-3 rundar før slutt og derfor ekstra kjekt med smoltring og tre poeng i siste kamp. Nokre stygge tap har det vorte men at me har teke tre poeng mot fire av topp seks laga viser at det bur mykje i det unge Fjøralaget. Me har også komme oss gjennom til første runde i cupen for første gang på fleire år, sjølv om me denne gang var sjanselause når Sogndal stod på motsatt banehalvdel.

Ellers i divisjonen var det dramatikk i både topp og bunn. I toppen sleit Brattvåg lenge mot Os, noko som også gjorde til at Os ville beholda plassen. I det 81.minutt scora Brattvåg og rykka dermed opp på bedre målskilnad enn Lysekloster. Men dramatikken var ikkje over der for Os hadde framleis ein fot i divisjonen med to mål bedre målskilnad enn Stord. To seine mål av Stord mot Haugesund 2 (i det 88. og 90. minutt) gjorde at Stord havna på likt poeng og lik målforskjell med Os, men Stord beheldt plassen på meir scora mål enn Os.

Då er det berre og takka for i år, takk til alle sponsorar og støttespelarar, støtteapparat, kioskdamer, billettselgjarar, publikum, motstandarar, dommarar og ikkje minst Sogndal Fotball for bruk av ein flott kamparena med garderobar og møteplass. Liten pust i bakken for Fjøra no før det brakar laust med Kjempenes Liga 10.november. Hugs påmeldingsfristen 31.oktober, ca 20 lag påmeldt hittil men god plass til fleire!

Litt statistikksnacks frå årets sesong under mens adelskalendaren vert oppdatert først i morgon. Heile 36 spelarar har vore på bana for Fjøra i årets sesong, Kenneth Skjerven har spelt mest med 2220 minutt. Han er også den med flest kampar (27) men det er Henrik Navarsete som har flest 90-minuttarar med sine 18, tett fulgt av Skjerven, Mjelleli og Kristoffersen med 17. Mathias Flo har scora flest mål (10 mål, herav 5 i cupen) med Malvin Gjerde hakk i hjel med 9 seriemål. Når det gjeld kortstatistikken var det ingen tvil, 8 gule og eitt raudt til Joar Hoberg fortjenar kanskje litt ekstra cash i botkassen :)

MÅLKONGEN     RÅTASSEN GULT RØDT
Mathias Flo 10   Joar Hoberg 8 1
Malvin Gjerde 9   Stian Njøs 3 1
Kenneth Skjerven 6   Per Eirik Lunde 1 1
Ørjan Sørflaten 5   Eirik Stedje 0 1
Bakary Traore 4   Steffen Olsen 6  
Sixten Jensen 4   Mathias Flo 3  
Karsten Bjelde 2   Henrik Navarsete 3  
Torbjørn Oddenes 2   Gøran Wigum 3  
Eirik Stedje 2   Joar Tryti 3  
Henrik Navarsete 1   Mathias Løken 3  
Joar Hoberg 1   Ørjan Sørflaten 2  
Per Eirik Lunde 1   Eirik Kristoffersen 2  
Arild Underdal 1   Bendik Harberg 2  
Steffen Olsen 1   Svenn Ove Gjøringbø 2  
Gøran Wigum 1   Bakary Traore 1  
      Karsten Bjelde 1  
      Torbjørn Oddenes 1  
      Håvard Stedje 1  
      Emil Harloff 1  
      Eirik Husabø 1  
      Ruben Bøtun 1  

 

SPELT MEST MINUTT KAMPAR 90MIN
Kenneth Skjerven 2220 29 17
Eirik Kristoffersen 2060 27 17
Henrik Navarsete 1682 19 18
Håvar Mjelleli 1605 18 17
Joar Hoberg 1596 20 15
Mathias Flo 1393 16 14
Ørjan Sørflaten 1350 15 15
Steffen Olsen 1299 20 3
Per Eirik Lunde 1275 17 7
Håvard Stedje 1259 20 10
Karsten Bjelde 1255 22 5
Emil Harloff 1016 13 11
Malvin Gjerde 988 12 7
Joar Tryti 981 11 10
Eirik Husabø 913 11 10
Bakary Traore 887 10 8
Sixten Jensen 875 10 7
Torbjørn Oddenes 866 14 9
Stian Njøs 771 19 2
Gøran Wigum 684 9 6
Erlend Grov 545 8 5
Eirik Stedje 522 7 3
Bendik Harberg 509 7 4
Svenn Ove Gjøringbø 450 8 2
Mathias Løken 387 7 1
Nicklas Sjølie 360 4 4
Espen Outzen 210 9 1
Sindre Rydvang 191 5 1
Arild Underdal 169 5 0
Sindre Thue 96 5 0
Morten Knutsen 90 2 0
Elias Saltnes 60 2 0
Adrian Gjermundstad 23 2 0
Anders Lereng 23 1 0
Ruben Bøtun 14 3 0
Erik Loftesnes 10 1 0

 

 

 Hovudsponsorar:

    

     

  Sponsorar:                        

    

           

           

     

   

    

          

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

           

        

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift