Oppsummering årets Fjørajulebord

Hoberg årets spelar, Flo årets toppscorar såvidt framføre Malvin Gjerde

Årets sesong enda dessverre med nedrykk til 4.divisjon men me kan likevel sjå tilbake på mange gode prestasjonar. I går var spelarar og støtteapparat samla på Sogndal Hotell for å markera avslutninga av årets sesong og starten på neste. Det var god stemning heile kvelden og me fekk også sjå ein 17 minutt lang video av alle måla til Fjøra, redigert av Sondre. Desse fekk utmerkingar under årets Fjørajulebord:

Årets spelar (delt ut av Ronny Deila og Bjørge Fedje): Joar Hoberg

Grunngjeving årets spelar: Årets spelar i Fjøra FK er ein spelar som har vist gode haldningar og stått for dei verdiane har som klubb.Spelaren er ein fantastisk fotballspelar som gjennom sesongen har vore god i kamp og på trening. I løpet av sesongen har det vore opp og nedturar for både klubben og spelaren. Spelaren stod tidleg fram som ein viktig bidragsytar for laget både på og utanfor bana. Han har vist at han har takla utfordringar på ein særs god måte og har ikkje vore redd for å ta i eit tak for felleskapet. Guten har gjort livet surt for både motspelarar i kamp og medspelarar på trening.

I løpet av årets sesong har spelaren fått bryne seg på ulike rollar. Han starta sesongen som høgreback, men har seinare vore innom både midtbana og i midtforsvaret. Årets spelar har vore toneangivende i fleire kampar og me hugsar alle i løpet av første minutt mot Varegg då det låg fire motspelarar nede etter å ha fått kjenne på taklingane hans. I tillegg til å vera årets spelar er han og årets råtass med flest kort. Årets spelar i Fjøra sesongen 2017 er «Valdresplogen» Joar Hoberg!

Årets toppscorar: Mathias Flo, 10 mål

50 kampar: Gøran Wigum, Steffen Olsen, Eirik Kristoffersen, Mathias Flo, Kenneth Skjerven

Det vart også delt ut nokre blomsterkvastar til trenarane og dei som har bidrege mest i Fjøra i 2017 og Jan Rune Årøy fekk ei signert Fjøradrakt og ein flaske god drikke som takk for den enorme jobben han har gjort for Fjøra i 29 år. Jan Rune har no valgt og prioritere trenargjerningar for aldersbestemte lag i Sogndal og sjølv om han ikkje lenger er sportsleg leiar i Fjøra vil han nok framleis bidra litt kjenner me han rett.

Før loddsal og trekning av flotte premiar fekk også Tom Wolff Navarsete eit gavekort på Amfi for alle timane han legg ned for å styra Fjøra Fotballklubb

Til slutt må me få takka alle andre som ikkje er nevnt over for innsatsen dei gjer for Fjøra. Me har gode dommarar som i tillegg til vanlege dommargjerningar også stiller velvillig opp på Kjempenes Liga år etter år og me vil takka Sogndal, Kevin Lund Olsen og Rut Loftesnes for eit godt samarbeid med Fjøra2/SIL3. Fjøra har tidvis hatt svært mykje skadar i årets sesong og har ikkje alltid kunne stillt med så mange spelarar på dette laget som ønskeleg for begge partar. Me håpar at me i framtida kan stilla eit meir jamnt antall for å bidra endå meir her så får tiden visa om me klarer det.

Denne veka vart det også klart at me skal spela heimekampane på Campus også neste sesong og me vil takka Yngve og Geir Inge for ein veldig fin dialog rundt dette. Med bruken av Campus Fosshaugane som heimearena er me truleg den fjerdedivisjonsklubben i landet med best fasilitetar på kampdag og det set me stor pris på

Takk for i år og ei god førjulstid til alle. 

 Hovudsponsorar:

    

     

  Sponsorar:                        

    

           

           

     

   

    

          

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

           

        

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift