Jens Ivar Nilsen ny hjelpetrenar i Fjøra

Jens vert ny hjelpetrenar medan Bjarte Hovland bidreg som keepertrenar

Det har vore kjendt ei stund at Knut Almås kom til å halde fram som Fjøratrenar også i 2018 og denne veka vart det også klart kven han får med seg som hjelpetrenar og keepertrenar. Sondre Skrede har avslutta si masterutdanning og hadde dessverre ikkje anledning til å kombinere ein ny jobb og engasjement på aldersbestemte landslag med ei rolle i trenarteamet til Fjøra. Som erstattar for Skrede har Fjøra fått Jens Ivar Nilsen som hjelpetrenar. Jens er ein kjenning for dei fleste som følgjer litt med på Fjøra og har lang tid bak seg som spelar i klubben i tillegg til at han var hovudtrenar i 2013. Han har spelt 128 kampar og scora 15 mål og har også vore styremedlem så det er liten tvil om at me her har fått inn ein god ressurs. 

Som keepertrenar har Bjarte Hovland teke over for Geir Stenehjem som i år har hatt denne rolla både i Kaupanger damelag og i Fjøra. Bjarte vil vera fast med to ganger i veka, i tillegg vil kanskje Geir stikka hovudet innom av og til om det skulle passa. Også Bjarte er ein stor ressurs for Fjøra, han har gått gradene i Sogndal og har også vore innom A-laget. For Fjøra har han spelt 83 kampar der hans store styrke var å drible motstandarar utanfor eigen 16-meter:) 

Me takkar Sondre og Geir for god innsats i 2017 og ønsker dei velkomne attende ved eit seinare høve. Og velkommen tilbake til Fjøra til Bjarte og Jens. 

På spelarsida har Ruben Bøthun gått til Vik, Sixten Jensen har gått over til SIL2 medan Bendik Harberg skal spela for Studentspretten neste år. Inn i troppen har førebels to lokale spelarar komme, Andreas Lerheim Olsen og Brage Navarsete. To unge lovande spelarar som me trur vil passa godt inn i Fjøra, både på og utanfor bana og begge to med fedre som har lang fartstid i Fjøra. Roar Takle Olsen med 105 kampar (16 mål) og Endre Navarsete med 85 kampar (17 mål). 

 Hovudsponsorar:

    

     

  Sponsorar:                        

    

           

           

     

   

    

          

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

               

        

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift