Emil Harloff til Gran Canaria med Brann

Emil skal hospitera med Brann sitt a-lag i to veker

(Bildet er henta fra Brann sine nettsider, brann.no)

Fjøra sin målvakt, Emil Harloff, reiste i dag til Gran Canaria, der han dei to neste vekene skal hospitera med Brann sitt a-lag. Emil kom til Sogndal sommaren 2016 og spelte eit halvt år på SIL2 før han meldte overgang til Fjøra for å spela i tredjedivisjon i 2017. Med god gjelp av Geir Stenehjem som keepertrenar tok han ytterlegare steg i fjorårssesongen og det er derfor svært gledeleg at han no får sjansen til å visa seg litt fram saman med heilprofesjonelle fotballspelarar i Brann.

Tidlegare har Harloff spelt for Minde, Fana og nettopp Brann, då på Brann 2 og Brann G16. Me ønsker Emil lykke til på treningsleiren og medan han er vekke fra Fjøratreningane er det venta at det vert hard konkurranse mellom Knut Idar og Bjarte Hovland om kven som skal stå i mål på trening saman med Håvar Mjelleli!

Brann reiser, iflølge sine heimesider, til Gran Canaria med troppen sin på 21 mann samt Emil Harloff, junioren Marius Bildøy og Nest-Sotra sin Johnny Furdal. Les meir på http://www.brann.no/nyheter/troppen-til-gran-canaria-turen

 

 Hovudsponsorar:

    

     

  Sponsorar:                        

    

           

           

     

   

    

          

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

               

      Solberg Social Media AS

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift