Reisebrev fra Kypros

To dagar og fire økter er unnagjort

Me har no hatt litt over to døgn på Aktea Beach Hotel i Agia Napa og gjennomført fire gode økter på flotte grasbaner. Med avreise frå Sogndal til Gardermoen kl 2230 tysdag kveld, og flytur til Larnaca via Munchen onsdag morgon var det ein del trøytte tryner ved ankomst. Trenarane gjorde eit forsøk på og få turen ut av kroppen med å køyra litt fotballtennis på hotellplenen men etter om lag 10 minutt måtte dei gi opp då det var umuleg og sjå ballen i skumringa.  

Dei fire øktene så langt har vore litt prega av nytt underlag og tilvenning. Etter frukost presis kl 0815 har me køyrt ei god økt klokka 10 og ei roleg økt kl 1530. Det vert gitt poeng til vinnande lag på øktene og den spelaren som kjem best ut etter siste økt vil få ein liten påskjønning for det. Samtidig er det konkurransar på kvar ettermiddagsøkt med ein liten straff til taparen. Mellom øktene er det inntak av litt god mat og god tid til å jobba med brunfargen. Mange Fjøraspelarar har kjøpt seg solbriller med ekstra mørke glas då det er to svenske damelag som også bur på hotellet. 

Men det er ikkje berre brunfargen det vert jobba med mellom øktene. For at dei yngste skulle få godkjendt fravær frå skulen har dei fått med seg nokre oppgåver dei skal løysa. Johan Salveson og Knut Idar driv litt leksehjelp og i morgon skal elevane opp til eksamen med innlevering av oppgåvene sine. I kveld kjem også dei to siste i reisefølge til Kypros, Sindre Thue og Håvard Stedje, som begge har hatt eksamen heime. Det vert spennande og sjå om dei klarer og orientera seg åleine på flyplassen i Munchen, men me satsar på at «reiser åleine» tskjorta me har kjøpt til dei skal ta dei trygt fram.

Som vanleg er det eit supert opplegg med Vicit der bussane står og ventar på oss både før og etter trening. Almås/Nilsen har funne ut at dei skal jogga nedatt på hotellet etter trening i staden for og ta bussen slik at dei også får trent litt innimellom all maten dei stappar i seg. Men når me såg Almås ankom hotellet i dag, raudsprengt i trynet, spørst det om me ikkje skal anbefala han og sitta på med bussen av og til iallfall…. Me skal spela to treningskampar under opphaldet, søndag mot Loddefjord (4.div) og tysdag mot Aspudden frå Sverige (3.div). Me kjem tilbake til korleis det går i desse kampane.

Formasjonsøkt....:) 

 

 Hovudsponsorar:

    

     

  Sponsorar:                        

    

           

           

     

   

    

          

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

               

      Solberg Social Media AS

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift