Stryn - Fjøra 2-3

Knepen men fortjent seier i Stryn etter mål av Outzen, Bjelde og Lereim Olsen

Foto: Stig Høynes
Spelemessig vesentleg bedre mot Stryn i dag enn forrige helg mot Tornado og me er det klart beste laget i store deler av kampen. Espen Outzen viste igjen at han er i svært god form om dagen og gav oss leiinga halvvegs ut i første omgang. Like etter fekk me straffe i mot som Stryn utlikna på før Karsten Bjelde på flott vis gav oss leiinga rett før pause. LO auka leiinga til 3-1 i starten av andre omgang og her bør me punktere kampen så til dei grader. I staden slepp me inn eit litt billig dødballmål halvtimen før slutt som gjer det unødvendig spennande mot slutten. Men sjølv med kun eitt mål opp skapar Stryn veldig lite på oss og me har stort sett kontroll på dei tre poenga.
 
Me har dermed fått ein god start på sesongen med seks av seks mulege poeng og betre enn det kan det ikkje bli poengmessig iallfall. Me takkar Stryn for kampen og ønskjer dei lykke til vidare i årets sesong, eit ungt lag som nok kjem til å utvikla seg mykje i løpet av sesongen og dei neste par-tre åra. Neste Fjørakamp er heime mot Dale førstkomande fredag kl 19, kanskje me snakkast då?
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 28.04 kl 15.00
Turnering: Seriekamp
Dommar: Dan Kåre Esp
        
Stryn – Fjøra 2-3 (1-2)
0-1    24 min Espen Outzen
1-1    28 min Garlid (str)
1-2    42 min Karsten Bjelde
1-3    52 min Andreas Lereim Olsen
2-3    62 min Jakobsson
 
Gult kort: Steffen Olsen, Karste Bjelde
 
Fjøra (4-3-3):
Håvard Mjelleli
-----------------------------------
Karsten Bjelde
Mathias Flo
Joar Hoberg
Eirik Kristoffersen
-----------------------------------
Svenn Ove Gjøringbø (Håvard Stedje fra 85.)
Steffen Olsen
Morten Knutsen
----------------------------------
Espen Outzen
Kenneth Skjerven (Sindre Thue frå 32.)
Andreas Lereim Olsen
 

 

 

 Hovudsponsorar:

    

     

  Sponsorar:                        

    

           

           

     

   

    

          

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

             

               

      Solberg Social Media AS

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift