Fjøra FK

Påmelding KL 2019

Påmelding KL 2019

Kjempenes Liga 2019 vert arrangert 8-9.november. Påmelding til Tom Wolff Navarsete på epost tom_navarsete@hotmail.com der du oppgir lagnavn samt telefonnr og epost til kontaktperson. Dersom laget ditt kun kan spela innleiande kampar laurdag pga reiseavstand må du oppgi dette ved påmelding så prøver me å legge til rette for det sålangt det er muleg. Dei fleste innleiande kampane går fredag. Frist for påmelding er 30.oktober.

Ver obs på at det i denne turneringa er begrensingar på antall aktive. Ein vert rekna som aktiv/lisens dersom ein i 2019 har starta seriekamp i 4.div eller høgare for herrer og 2.div eller høgare for damer. Maks 2 aktive/lisens i kvar tropp og maks ein aktiv/lisens på bana om gangen. (Har du kun vore innbytar vert du ikkje rekna som aktiv)

Påmeldingsavgift betales enten kontant i sekreteriatet før ditt lags første kamp eller på forhånd via nettbank til konto 3705.14.67834 (seinast onsdagen før turnering). Det vil vera kiosk med godt utval midt på langsida på tribuna

Velkommen til turnering og ikkje minst ein sosial kveld på "byn" i Sogndal etterpå. Ingen organisert bankett men me kan garantere at det vert god stemning på Soho utover kvelden (ver tidleg ute då det er mykje folk ute denne helga) CC 100 kr på Soho, billettar kjøpes i døra. Ved bordbestilling på ein av hotellet sine restaurantar er det gratis inngang, hugs å spør etter stempel. (sjå også facebook for info om dette arrangementet på Sogndal Hotell sine sider)

Sjå også turneringsreglementet


Fjøra Fotballklubb
Postboks 188, 6851 Sogndal |  
www.fjora.no | post@fjora.no | 95805550
Dersom du ynskjer å nytta innhald frå nettsida, ver venleg å oppgi kjelda
.

 

Hovudsponsorar

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift