Fjørafesten 2015

Fjøra feira sesongen med julemiddag og diverse utmerkingar

Etter eit flott arrangement med godt oppmøte på Kjempenes Liga var Fjøragjengen laurdag samla til årets julebord på Sogndal Hotell, der dei feira sesongen som enda med eit suverent opprykk til tredje divisjon. Etter at maten var komen godt nedi vombi var det utdeling av prisar og loddsal i regi av toastmaster og leiar Tom Wolff Navarsete samt litt lett underholdning frå Erik Loftesnes og Daniel Fylling. Erik med ein flott video frå kampen mot Sandane då opprykket vart sikra og Daniel med ein aldeles strålande parodi på Fjøratrenar Håvard Hatle som ikkje var tilstades grunna jobb. Desse fekk prisar under årsfesten:
 
Årets spelar: Gøran Wigum
"Årets spelar er heilt i toppen på treningsdeltaking og prioriterer sjeldan eller aldri vekk ein Fjøratrening. Han stiller krav både til seg sjølv og dei rundt seg og har vore veldig viktig for Fjøra sin gode sesong i år. Spelaren er inne i sin andre periode i Fjøra og me håpar han fortset å vera ein berebjelke for laget i åra framover. Årets spelar har spelt 17 av 22 kampar, han har 6 mål, 4 assist, og han var den einaste med raudt kort for Fjøra i år. Me vil  og påstå han har den beste pasningsfoten i fylket uansett divisjon"
 
Toppscorar: Mathias Flo 29 mål (20 for Fjøra, 9 for SIL3)
Mestscorande i Fjøra: Arild Underdal 179 mål
300 kampar: Torbjørn Ylvisåker
250 kampar: Arild Underdal
50 kampar: Stian Solberg, Per Eirik Lunde og Håvard Lilletvedt
 
I tillegg fekk Erik Loftesnes ein liten påskjønning for best treningsoppmøte, og Eirik Kristoffersen og Kees Erstad ein kopp kvar for henholdsvis årets servitør og årets bloggar
 
Torbjørn Ylvisåker og Arild Underdal gir seg som hjelpetrenarar og fekk med seg kvar sin blomsterkvast som takk for innsatsen dei siste tre åra. I lotteriet var det Kåre Selseng som stakk av med førstepremien, ein gratis fotosession hos Wantana Tierney Photography
 
Elles lyt me få takka alle som legg ned ein stor innsats for at Fjøra er Fjøra. Tom Wolff Navarsete styrer klubben i år etter år saman med eit velfungerande styre som i tillegg til å drifta klubben hjelper til på kvar heimekamp. Per Barsnes har stålkontroll på oppmannsjobben mens Håvard Hatle har komt inn og løfta Fjøra og samstundes gjort oss meir attraktive hos unge lokale spelarar. Me vil også takka alle  andre som bidrar på ein eller anna måte, våre sponsorar, annonsørar og dei som kjøper Fjørakontrakt. Alle bidrag, små eller store, bidreg til Fjøra sin eksistens
 
Til slutt vil me takka Asbjørn Kjetil Grinde Håre, Yngve Håkonsen og Tor Henning Mardal for at me har tre så dyktige dommarar i klubben vår. Alle tre med ein solid sesong bak seg og dei bidreg også alltid mykje under Kjempenes Liga-helga
 
Foto: Endre Romøren
Arild og Torbjørn delte ut prisen årets spelar til Gøran Wigum
Dei med utmerkingar: Bak fra v: Torbjørn (300 passerte kampar), Arild (250 kampar, 179 mål og mestscorande), Gøran (årets spelar), Per Eirik (50 kampar), Kees (årets bloggar). Nede fra v: Stian (50 kampar), Erik (treningsoppmøte), Håvard (50 kampar) og Eirik (årets servitør)
 
Erik Loftesnes premiert med ein Fjørakopp og ein høvding for best treningsoppmøte (100 av 110 treningar)
 
Arild storfornøgd med I AM LEGEND kopp og bilde designa av Erik Loftesnes
 
Håvard Hatle si helsing fra Nordsjøen vart lest opp av Daniel mens han parodierte Fjøratrenaren
 

Arild viser fram andrepremien i lotteriet, ein dunjakke fra Umbro, som vart vunnen av Bolset 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift