Vi gratulerer Ornes og Retro som vinnarar av Kjempenes Liga

Ornes vinnar for første gang mens Retro vann i år som i fjor

Retro vann dameklassa i Kjempenes Liga for andre år på rad etter at Randi Lied avgjorde ein jamn finale mot Dei utan vest med 1-0 i sudden death. Retro og Dei utan vest vann kvar si gruppe og i semifinalen slo dei ut henholdsvis Foxy og Run Fast
 
I herreklassa klarte endeleg Ornes å gå heilt til topps etter å ha vore i semifinalen fire år på rad. På vegen mot finalen slo dei ut #Nofilter (1-0), Ludokameretane (2-0) og Meieriet Tigers (2-1 eeo) før fjorårets tapande finalist Vik Turn (då under navnet Gisle og vikjene) stod på motsatt banehalvdel i finalen. Laga møttes også i gruppespelet og sidan Vik vann den kampen 2-0 hadde dei eit lite favorittstempel men scoringar av Sondre Midtun og Leif Kåre Hatlevoll gjorde at det var Ornes som vann finalen 2-0 og dermed tok sin første turneringsseier
 
Turneringa gjekk fint føre seg og sjølv om det gjekk med nokre isposar registrerte vi ikkje skadar av betydning. 36 lag deltok i turneringa, der nokon har mål om å vinna mens andre har mål om å gå vidare, ikkje gå vidare eller berre å vinna ein kamp eller å få delta på festen etterpå så det er ikkje tvil om at turneringa har eit breidt spekter av deltakarar.
 
Vi gratulerer Retro og Ornes med turneringsseier og ønsker alle lag velkomne att til neste år!
 
LaurdagBane 112:30591/8-delsEngebø R -COYS 0-1
LaurdagBane 212:30601/8-delsMeieriet Tigers -Hafslo/Kongane 2-1
LaurdagBane 112:45611/8-delsLudokam -Pøkkers 1-0
LaurdagBane 212:45621/8-dels#Nofilter -Ornes 0-1
LaurdagBane 113:00631/8-delsInnaføringadn -WASA 3-0
LaurdagBane 213:00641/8-delsGau-Kam -719 KG 0-1
LaurdagBane 113:15651/8-delsVik Turn -Lokomotiv Kalinka 2-1eeo
LaurdagBane 213:15661/8-delsStjernekua -Inter Pirelli 1-0
LaurdagBane 113:3067KvartfinaleCOYS -Meieriet Tigers 1-3
LaurdagBane 213:3068KvartfinaleLudokam -Ornes 0-2
LaurdagBane 113:4569KvartfinaleInnaføringadn -719 KG 2-1
LaurdagBane 213:4570KvartfinaleVik Turn -Stjernekua 3-0
LaurdagBane 114:0071Semi DameDei uten vest -Run Fast 1-0 eeo
LaurdagBane 214:0072Semi DameRetro -Foxy 1-0
LaurdagBane 114:1573SemifinaleMeieriet Tigers -Ornes 1-2 eeo
LaurdagBane 214:1574SemifinaleInnaføringadn -Vik Turn 0-2
LaurdagBane 114:3075Finale DameDei uten vest -Retro 0-1 eeo
LaurdagBane 114:4576FinaleOrnes -

Vik Turn

 2-0

 
Foto: Endre Romøren
Retro vann dameklassa i år som i fjor
Dei uten vest (tidl Ninjas) måtte gi tapt for Retro i sudden death
Karane frå Vik har konkurranseinstinkt som få så rett etter kampen var det ikkje lett å få fram smilet etter finaletap men det kom seg utover kvelden :)
 
 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift