Fjøra har starta sesongførebuingane

Lenge sidan forrige nyheitsoppdatering og mykje har skjedd sidan sist. Endringar i trenarstaben, støtteapparat og spelarstallen pluss at Fjøra skal ha andrelag i fjerdedivisjon saman med Sogndal 3.

Fjøra er godt i gang med oppkøyringa til årets tredjedivisjon og i år skal me også ha eit andrelag i samarbeid med Sogndal. Laget skal spela i fjerdedivisjon og har fått navnet Fjøra 2 / SIL 3, eit spennande samarbeid som gjer at dei Fjøraspelarane som sit ein del på benken likevel kan få eit godt kamptilbod.
 
Håvard Hatle tek ein ny sesong som hovudtrenar i Fjøra medan Ole Morten Kvam tek over som assistent for Underdal/Ylvisåker, som begge gav seg etter tre år i trenarteamet. Også Gøran Wigum vil få ein assistentrolle i trenarteamet i 2016, og i motsetning til Kvam skal han også bidra på bana frå sin djupe midtbaneposisjon. Knut Idar Kristoffersen er komt inn som assisterande oppmann og materialforvaltar så Fjøra stiller med solid støtteapparat også i 2016.
 
På spelarsida er det fleire som har takka for seg; Fossnes (militæret), Rørvik, Møvik, Underdal (lagt opp), O.M.Kvam (lagt opp) og Erstad . I tillegg har Ylvisåker slitt med lyskeproblem siste halvdel av 2015 og det er usikkert om han vert med vidare.
 
Utlånsavtalane til Eirik Kristoffersen, Håvard Stedje, Håvar Mjelleli og Mathias Flo gjekk ut ved nyttår men alle desse vert med også i 2016. Dei tre første på permanent overgang medan låneavtalen til Mathias vert forlenga ut 2016. Også Sigmund Årdal Myhre har signert overgang frå SIL2 og me har sikra oss ein treningsvillig og spennande førsteårssenior i Eirik Stedje. Me har kun Steffen Olsen i troppen som er utanfor fylket og han har me innlosjert i bufelleskap med Nondal/Wigum slik at han vert mest muleg integrert og bergensdialekta mest muleg utvatna! Fjøra jaktar framleis nokre forsterkningar, og det vil nok komma inn 3-4 spelarar til i næraste framtid, både studentar og lokale.
 
Pr i dag har Fjøra avtalt sju treningskampar, seks av dei på heimebane og ein mot Varegg i Bergen:
22.01        Fjøra – Årdal      20.00
30.01        Fjøra – Florø      13.00
14.02        Fjøra – Førde     14.00
20.02        Fjøra – Voss       13.00
27.02        Fjøra – Eid         13.00
05.03        Varegg – Fjøra   13.00
02.04        Fjøra – Åsane 2  13.00
 
Første kvalikrunde til NM skal spelast seinast onsdag 16.mars medan seriestarten er laurdag 9.april borte mot Spjelkavik
 
Me håpar elles alle vil ta godt imot Fjøraspelarane som i dei neste to månadene skal selga annonser til Fjøraposten og sponsorkontraktar, begge deler svært viktige inntektskjelder for Fjøra sin eksistens. Sponsorkontraktane kostar som vanleg 360 kr, maks selde kontraktar er 420 stk og det vert trekt 12 gavekort a kr 4000. I år vert gavekorta utstedt av Intersport Sogndal og gavekorta kan brukast på alle Intersportbutikkar i heile Norge. Me vil derfor nytta sjansen til å takka Travelnet Sogn og Fjordane for eit mangeårig godt samarbeid med reisegavekorta og ynskjer vår trufaste sponsor Intersport velkommen til å ta over stafettpinnen.
 

 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift