Fjørabloggen 2016

Kees har lagt opp fotballspelinga, men Fjørabloggen består

Fjørabloggen 2016

Eigentleg var meininga å pensjonere Fjørabloggen etter fjorårssesongen, av di underteikna har valt å trappe ned frå storbonden sine intervalltreningar, og i staden verte aktiv triatlon-utøvar. Men, for å sitere Michael Corleone: “Just when I thought I was out… they pull me back in”. The Wolff-meister har engasjert meg i Fjøra-styret, så også denne sesongen vil det verte ujamne oppdateringar frå Fjøra-miljøet. Dog kanskje med eit endra konsept. Tida vil syne.

Underteikna var i går på årets første treningskamp for å få eit innsyn i korleis stoda er for strandsitjarane, tidleg i kåmebæck-sesongen i 3. div. Unge Ylvisåker har summert opp hovudparten av det som skjedde på bana, medan eg noterte meg alt anna enn det vesentlege:

1.halvleik

  • Fjøra har ein ny nr. 2 på høgreback, Eirik Stedje. Eg tykkjer han er heilt lik Per-Eirik. Sånn bortsett frå at han er tynnare, raskare og betre trent. Elles heilt lik. Trur eg skal kalle han mini-Per.
  • Wigum har skifta hårvoks sidan fjorårssesongen. Fram til no har alle ballar han har prøvd å heade sklidd av hovudet.
  • Mathias skårar årets første mål etter klabb og babb. Stian Solberg på sidelinja nektar å tru på at det var Mathias som skåra. Eg gjev opp å overtale han.
  • Litt keisamt no utover i første omgang. Eg tek meg i å sakne «Luka» Fossnes, han hadde garantert forsøkt seg på 3-4 luker innan dette tidspunktet.
  • Wigum slår ein lang ball som Mathias akkurat ikkje greier å springe opp. Osvald forklarar Wigum at han må nytte underskru neste gong. Alle frå Dale er sjølvsagt særs gode i fotball.
  • Knut Ripe får sjansen frå 16 meter etter corner, på slutten av omgangen. Ripe nyttar same ryggsekk som i fjorårssesongen og held på å skadeskyte ein stakkar i klatreveggen bak mål.

2.halvleik

  • Etter ein løpsduell vert det kommentert frå sidelinja at Mathias faktisk er ein rask Flo. Noko slikt har ikkje verda sett før. På sidelinja vert det gjennomført ei rask drøfting og det vert konkludert med at Tore Andre hadde eit bra steg, men ingen tidlegare Flo har vore særskild rask.
  • Mathias scorar sitt andre for dagen. Ingen protestar frå Stian Solberg ved dette høvet.
  • Prinsipielt er eg skeptisk til alle fotballspelarar med hestehale, som ikkje har førenamn Zlatan. Men Fjøra sitt nye midtbaneanker, nr 17, har faktisk gjort eit godt inntrykk så langt. Frispelte også Mats i forkant av Mathias si andre scoring.
  • Horvei dreg fram ei tv-redning på eit Årdal-frispark. Heilt bortkasta sidan det ikkje er tv-team her i dag.
  • Olsen sitt første skot la han nesten i krysset. Utover i kampen har han berre skote seg lenger og lenger vekk frå mål. Tilskodarane nærast hjørneflagga byrjar å trekke innover mot midten av tribuna.
  • Nr 18 på Fjøra, trur han heiter Kjetil, dundrar til og Årdal-keeperen ser ikkje noko anna utveg enn å hoppe unna skotet. 3-0. Det luktar svidd i hallen no.
  • Loftesnes vert dratt luke på av venstrebacken til Årdal. I etterkant ser Loftis bleik ut og krøllene på hovudet retta seg faktisk ut i skam.
  • Hårstrikket til nr 17 på Fjøra ser ut til å synge på siste verset. Han har måtte strame det to gongar på under 5 minutt no.
  • Ein kompis av meg har kontrakt med ein 1. div-klubb. Han synte meg kontrakten der det står ein klausul om at hovudtrenaren har rett til å på kva som helst tidspunkt å klyppe alle hårband og –strikk. I mitt stille sinn undrar eg på om storbonden tek med ein slik klausul i framtidige Fjøra-kontraktar.
  • Fjøra leiar 3-0. Kampen går mot slutten. Storbonden verkar likevel ikkje heilt nøgd. Han mimrar tilbake til fjorårets vinterkamp mot Årdal. Då scora Fjøra ved at den eine backen slo eit innlegg til den andre backen. Storbonden saknar dette i dag. Det at vi tapte den kampen 5-1 er visst ikkje så nøye.

Bra gjennomført kamp totalt sett. Dagens BB går til Tom Wolff Navarsete som gjekk rundt på tribuna og serverte kaffi til det imponerande talet tilskodarar som hadde møtte opp. Det var alt så langt, plutseleg tilbake!

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift