Nye Fjøraspelarar

Stallen til Fjøra begynnar ta form og siste veka er fire nye spelarar komt inn

(Foto: Stig Høynes)
 
Fjøra har denne veka fått inn fire nye spelarar og stallen 2016 begynnar dermed å setta seg.
 
Jonas Halvorsen (1997-modell) har spelt for Bodø/Glimt 2, Grand Bodø og Junkeren og er no klar for Fjøra. Jonas er sentral midtbanespelar med gode basisferdigheiter. God med ball og taper heller ikkje mange hovudduellar.
 
Den andre nykomaren er Espen Outzen (1994-modell), tidlegare Molde 2 og Træff. Han er ein hurtig spiss med gode avslutningsferdigheter, som også kan skapa ting på eiga hånd.
 
Så har Håvard Hatle vore i sin gamle klubb, Averøykameratene, og henta Arne Martin Fossland (1992-modell). Spelande midtstoppar som vil passe godt inn saman med bulldosarstopparane me har i stallen frå før og kan også brukast i ein djup midtbaneposisjon. Arne kjem frå Averøykameratene og har også spelt for Frei, Kristiansund BK og Eik Tønsberg.
 
I tillegg til desse har nok ein ung og treningsvillig sogndøl komen inn. Adrian Gjermundstad (1999-modell) har vore med Fjøra og trent ei stund og han er no klar for Fjørastallen 2016. Han er ein fysisk sterk midtstoppar som me håpar kan ta nokre steg og utvikla seg vidare i Fjøra
 
Me ønsker alle saman velkomne til Fjøra og seier lykke til i årets sesong.
 
Dette er stallen til Fjøra slik den ser ut no:
 
NRNAVNPOSISJONFØDSELSDATO
1Håvar MjelleliKeeper30.12.1996
2Eirik Stedje (NY)Back22.03.1999
3Ole Martin Bolset Back06.04.1992
4Torbjørn Ylvisåker (usikker)Stoppar06.06.1979
5Erik Loftesnes Kant03.03.1996
6Håvard StedjeMidtbane14.01.1997
7Steffen Olsen Midtbane30.09.1991
8Mats NondalKant27.04.1994
9Mathias FloSpiss18.06.1996
10Gøran Wigum Midtbane04.02.1991
11Sigmund Årdal Myhre (NY)Kant18.10.1996
12Andreas HorveiKeeper20.08.1998
13Adrian Gjermundstad (NY)Forsvar13.02.1999
14Trond Vegard RipeKant10.10.1988
15Elias Saltnes Stoppar24.03.1997
16Knut Øystein Ripe Stoppar31.08.1987
17Arne Martin Fossland (NY)Stoppar01.11.1992
18Jonas Halvorsen (NY)Midtbane27.08.1997
19Espen Outzen (NY)Spiss05.02.1994
20Per Eirik LundeStoppar19.05.1992
21Eirik KristoffersenBack22.04.1996
22   
23Ole Marius SolbergStoppar28.08.1989
24Stian SolbergSpiss18.10.1987
25Geir StenehjemKeeper22.01.1995

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift