Fjørakontraktar 2016

Innimellom alle treningane skal Fjøraspelarane no selga både annonser og sponsorbevis.

Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket og det håpar me dei gjer i år også.

Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. I år er det ein av hovudsponsorane våre, Intersport Sogndal, som sender ut gavekorta. 12 trekningar i løpet av året der 12 heldige får kvar sitt gavekort på 4000 kr som dei kan handla for på Intersport Sogndal eller i ein anna Intersportbutikk i Norge.

Ta vel i mot Fjøraspelarane som i tillegg til kontraktane også skal selga annonser til Fjøraposten den nærmaste månaden

Sportsleg er Fjøra komen godt i gang med sesongførebuingane og er no inne i ein hard treningsperiode. Me har spelt to treningskampar, først ein solid 3-0 seier mot Årdal og deretter ein litt dårlegare forestilling mot eit b-prega Florølag (tap 3-4). I tillegg spelte me sist helg 3*20 minutt mot Sogndal 2/3 der sogndølene trakk det lengste strået og vann 2-1 etter at Erik Loftesnes putta for oss. Ein del småskadar i troppen i det siste men fleire er no tilbake og vonaleg klare til dyst når Førde kjem på besøk søndag kl 14 i Sognahallen.

 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift