Fjøra - Førde 0-3

Fjøra fekk køyrt seg mot Førde i Sognahallen i dag og tapte fortjent 3-0

Me må vera så ærlege at det var divisjonsforskjell mellom laga i dagens kamp i storhallen og me tapte fortjent mot eit bedre fotballag. Fjøra vart spelt lave fra start og klarte sjeldan og etablera spel på Førde sin halvdel når me fekk tak i kula. Me forsvarte oss relativt godt og midtbana sprang mykje og gjorde at Førde ikkje produserte altfor mange sjansar. Men Førde hadde eit konstant trykk og mange dødballar og putta to mål fra distanse før pause. Begge måla kom fra rundt 16-meteren og kunne vore unngått om me hadde vore litt tøffare og tettare oppi henholdsvis Iversen og Spurkeland. Me løfta oss litt ein periode i andre omgang men gjekk etterkvart tomme og etterkvart fastsette Walaker sluttresultatet til 3-0.

Ein god gjennomkøyring for Fjøra der me møter eit lag med bedre beinflytt og tempo enn det me klarer å få til sjølve. Førde er tryggare med ball og tøffare i duellspelet og me fekk ein peikepinn på kva me kan strekka oss etter for å utvikla vårt eige spel. Me vil likevel påstå at me kan ein del bedre enn det me fekk bevist i dag. Det er naturleg at Førde spelar med større tempo og trygghet men det er ingen grunn til at me ikkje skal matcha Førde i duellspel og kommunikasjon og me må også tora å flytta meir etter når me angrip. Våre tre-fire fremste vart mykje åleine når me prøvde å få til noko og då klarte me ikkje å produsera altfor mykje framfor Førdemålet.

Defensivt ligg me bra i rammene og forsvarer oss godt sjølv om Førde trykker oss litt bakpå. Neste kamp for Fjøra er førstkommande fredag kl 1930 då Voss kjem på besøk til Sognahallen. Voss spelte to treningskampar i helga, fredag vart det 2-3 tap mot Årdal medan dei slo tilbake og vann 6-1 mot Skansen i dag.  

Fjøra sitt lag:

Horvei - Bolset (Loftesnes fra 75.), Lunde (Gjermundstad fra 86.), K.Ripe, Kristoffersen - Fossland, Wigum (E.Stedje fra 40.) - Outzen, Olsen, Nondal (S Solberg fra 82.) - Flo (Halvorsen fra 75.)

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift