Fjøra - Voss 4-3 (2-1)

Voss åpna best men etter kvart tok Fjøra over og vant til slutt fortjent

Fjøra slo Voss 4-3 i kveldens treningskamp i Sognahallen, men Voss åpna kampen best og gjekk også opp i leiinga alt etter ti minutt. Utover i omgangen tok Fjøra over og Syril-hospitant Kristian Berg utlikna for Fjøra halvvegs ut i omgangen før eit sjølvmål gjorde at Fjøra gjekk til pause med 2-1 leiing. Etter pause stanga Wigum ein corner fra Eirik Kristoffersen i mål til 3-1 før Voss seinare reduserte til 3-2.  Erik Loftesnes auka leiinga til 4-2 då han skar inn fra kant og sette ballen vakkert i lengste hjørne 15-20 minutt før slutt, forøvrig eit flott angrep der Wigum vendte spelet mot Kristoffersen i forkant av involveringa til Erik. På overtid reduserte Voss på nytt men nærmare kom ikkje Vossingane og Fjøra vann dermed kampen 4-3.

Litt varierande prestasjon av Fjøra men mykje bra tatt i betraktning av at me måtte rokkera ein del på laget grunna ein del forfall. Me starta med ein 15,16 og 17 åring og alle leverte gode prestasjonar. Kristian Berg (15 år, Syril) hospiterer litt med Fjøra og fekk seg 80 minutt og eit mål og Eirik Stedje (16) la ned ein solid jobb på vår høgreside så lenge han orka og litt til. Dødballfoten til Eirik Kristoffersen er også tilbake der den plar vera og han noterte seg for tre assist, to på corner før han spelte gjennom Loftesnes på 4-2 scoringen

Fjøra har framleis ein del skadeplagar i troppen og i dag mangla Håvard Stedje (langtidsskadd), Håvar Mjelleli, Ole Martin Bolset, Knut Ripe, Per Eirik Lunde, Elias Saltnes, Sigmund Årdal Myhre, Mathias Flo, Stian Solberg og Olem Solberg. Neste kamp for Fjøra er laurdag 27.februar kl 13 mot Eid i storhallen

Laget:
Andreas Horvei, Eirik Stedje (Marius Bøe fra 80.), Gøran Wigum, Arne M Fossland, Eirik Kristoffersen - Jonas Halvorsen, Steffen Olsen - Mats Nondal (Adrian Gjermundstad fra 46.), Kristian Berg (Trond Vegard Ripe fra 80.), Erik Loftesnes - Espen Outzen.

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift