Fjørabloggen 2016

Ein liten bloggrapport frå Kees som omhandlar helgas kamp mot Voss

Her kjem ein litt forseinka rapport frå fredagens treningskamp mot Voss. Der eg som førre gong har notert meg det meste anna enn det vesentlege. Etter å ha gått på nokre mindre smellar mot både Florø og Førde fann storbonden det naudsynt å hente inn att underteikna i kamptroppen. Heldigvis tok strandsitjarane hintet og presterte såpass bra at eg ikkje kom lenger enn til innbyttarbenken ved dette høvet. Men det er trass alt der det er artigast å vere under Fjøra-kamp!

For å setje fotballklubben Voss på kartet så kjem dei altså frå Voss, som er hovudstaden i Bergen. Dialekta på Voss ligg nær hardingmålet og skil seg ein del frå nordhordlandsk og sunnhordlandsk. Dialekta på Vossevangen fekk skarre-r for eit par generasjonar sidan, elles i kommunen har den fremre rulle-r-en vore i bruk fram til i dag.  Kjende vossingar inkluderar namn som Kari Trrrrraa, Ar(ch)ne Hjeltnes og Simen Brrrrrekkhus.

Så til kampen og  1. omgong.

  • Voss scorar tidleg i kampen og ei lett blanding av skarre-r og rulle-r rungar i “Hurra”-rop frå Voss-leiren. Det er altså ikkje berre sentrumsgutar på dette laget.

  • Etter 15 minutt har det egentleg ikkje skjedd så mykje meir i kampen, strandsitjarane har endå ikkje vakna.

  • Keeperen til Voss er ikkje så høg, Knut Idar kommenterar at det kan vere lurt å halde fram med å skyte høgt. Storbonden repliserar tørt at det ikkje hjelp når vi også skyt over tverrliggar.

  • Eg kjende eg vart svolten og reiste opp på Idrettssenteret der eg fekk 3 bananer til prisen av 1! Eg vil trygt påstå at dette er beste Fjøra-prestasjonen så langt i kveld.

  • Endeleg scorar Fjøra og det er Kristian Berg som puttar. Han såg ut til å vere i offside, men dommar vurderar at det ikkje tel så lenge han snublar inn i offside. Voss prrrrrrotesterar høglydt.

  • Fjøra med eit dårleg frispark frå distanse som trillar eit stykke utanfor mål. Men Knut Idar er ein positiv kar og ropar “Bra!”. Ingen skjønnar heilt om han er seriøs, så vi ler litt forsiktig.

  • Fjøra tek leiinga etter eit soleklart sjølvmål på corner, men Wigum feirar som om han har avgjort Kjempenes Liga!

2. omgong

  • Fjøra og Wigum startar med å score på ny corner. Stian Solberg stadfestar at denne gongen var det Wigum sitt mål. Feiringa er moderat ved dette høvet.

  • Så scorar Voss der Fjøra har sovna på frispark. Her luktar det målkalas!

  • Stille og roleg ei stund før Loftesnes plutseleg mistar hovudet totalt! Frå midtbana legg han ut på eit raid, nektar å gje frå seg ballen ved fleire høve, og endar med å banke ballen i mål via lengste stolpe. Kvar kom det frå?

  • Gjermundstad tek innkast og kastar ca 50 meter! Dette er altså lenger enn eg kan slå ballen med beina. Bolseth sit ved sidan av meg og insisterar på at han kan kaste minst like langt...

  • Det er flott med lojale og lydhøyre spelarar, men Eirik Stedje dreg den kanskje litt langt. I pausen har Stedje fått beskjed om å gå til dødlinja før han slår innlegg. Som sagt som gjort, og fram til no har han satt seg fast i nettet ved klatreveggen ved 5 høve. Wigum gjev oppgitt beskjed om at han faktisk ikkje treng å springe inn i nettet. Igjen gjer Stedje som han vert instruert og held seg unna nettet resten av kampen.

  • Trond Vegard gjer endeleg eit fortent comeback etter å ha vore ute med skade sidan august. I det han skal inn på bana er han så nervøs at han startar med makspuls.

  • Stedje er no bytta ut og joggar ned ved sidelinja i drakta utan å ha på seg vest. Mats er uroa for at Stedje skal oppheve offsiden.

  • Fjøra sovnar igjen og Voss scorar på ny. Kvelden vert slik avslutta med nye” Hurra”-rop med skarre-r og rulle-r.

PS! Trond Vegard gav absolutt alt i sitt 10 minutts-comeback, men som biletet vitnar er det eit lite stykke att til at han fullførar ein heil kamp endå :)

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift