Varegg - Fjøra 4-2

Fjøra møtte eit godt Varegglag og tapte til slutt 4-2 på Krohnsminde i Bergen

Fjøra møtte eit ballsikkert og godt Varegglag som truleg vil kjempa i toppen av sin tredjedivisjon i Hordaland i år. Jamn opning på kampen der Kristoffersen ga Fjøra leiinga på eit innoverskrudd frispark som keeper feilberegna litt. Siste halvtimen av første omgang var Varegg det førande laget og litt slapp markering ved eit par tilfeller gav Varegg 1-1 og 2-1 leiing før Wigum dunka inn eit langskot nede ved stolperota og 2-2 til pause. Alt i alt ein omgang der Varegg var best men der Fjøra spring mykje og forsvarar seg stort sett godt.
 
I andre omgang hang Fjøra mykje betre med og klarte ved fleire høve og vinne ballen høgt i bana samtidig som me heldt litt meir i ballen enn me klarte i første. Me fekk også fleire gode overgangar og evigunge Underdal, som vikarierte nokre minutt på topp, var nære ved  å utlikna for Fjøra mot slutten. Om lag halvvegs ut i omgangen fekk me etter dei fleste sin meining Jonas Halvorsen feilaktig utvist, då dommaren meinte Halvorsen gjekk litt vel hardt inn i ein takling. Etter dette vart det tungt for Fjøra som hadde litt smått med reservar og setta innpå for slitne Fjørabein.
 
Fram til utvisningen hang me godt med og me skal sei oss relativt fornøgd med kampen sjølv om det vart 4-2 tap til slutt. Fjøra fekk også køyrt ei 2 timars curlingøkt på fredag, ei økt der trioen fra Jølster imponerte mest. I kveld er det felles middag på Egon og litt tid til å pleia det sosiale.
 
Ellers er Leif Lysne tilbake i Fjøra og han fekk seg ein god time mot gamleklubben sin i dag. Geir Stenehjem har tatt ein pause fra fotballen mens Håvar Mjelleli er skada så Fjøra har kun hatt ein keeper tilgjengeleg siste tida. Leif vil derfor vera med Fjøra litt no framover så får me sjå kor mykje det blir etterkvart. Han studerer framleis i Bergen så han vil kun vera aktuell for kampar og ikkje treningar fram til studiane tek sommarferie.
 
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 05.03 kl 15.00
Arena: Krohnsminde
Turnering: Treningskamp
Dommar: Ukjendt
        
Varegg – Fjøra 4-2 (2-2)
0-1      5 min Eirik Kristoffersen
1-1    18 min ?
2-1    25 min ?
2-2    35 min Gøran Wigum
3-2    70 min ?
4-2    87 min ?
 
Rødt kort:  Jonas Halvorsen (65 min)
 
Fjøra (4-2-3-1):
Leif Lysne (A Horvei frå 68.)
--------------------
Elias Saltnes (A Gjermundstad fra 46.)
Per E Lunde
Knut Øystein Ripe (Olem Solberg fra 60.)
Eirik Kristoffersen
--------------------
Jonas Halvorsen
Gøran Wigum
--------------------
Eirik Stedje
Steffen Olsen (Knut Ripe fra 80.)
Mats Nondal
--------------------
Mathias Flo (Trond V Ripe fra 46. (A Underdal fra 80.)
 

 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift