Presentasjon av Fjøra sine motstandarar i 2016

Om to veker er det seriestart for Fjøra, som i år skal spela i 3.divisjon avdeling 8. Mange lange reiser og nye motstandarar så her kjem ein fyldig presentasjon av alle laga!

*Våre lojale og observante lesarar vil sjå at Fjørabloggen har fått sin eigen logo. Det er Fjøra sin eigen Erik Loftesnes som på oppmoding har nytta sin dugleik og kreativitet til å kreere dette «kunstverket». Erik leverer også jamt gode prestasjonar på Fjøra sin Instagram-konto fjorafk, anbefalast!
 
Klubbguide, 3. divisjon, avdeling 8, 2016
Etter fjorårets opprykk har Fjøra hamna i avdeling med klubbar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dette resulterer i oppgjer mot nokre kjende klubbar, nokre mindre kjende klubbar, og nokre klubbar vi aldri har stifta kjennskap med før. Difor har Fjørabloggen skrapa saman eit raskt oversyn over årets motstandarar. Hovudparten av klubbane har ei lang og interessant historie, i nokre av klubbane finn ein også kjende og mindre koplingar til Fjøra.
 
Bergsøy IL
Grunnlagd: 4. oktober 1944
Kvar kjem dei frå: Fosnavåg på Sunnmøre, 206 km frå Sogndal.
Møter Fjøra: 7. mai (H) og 27. august (Campus)
Fjorårets tabellplassering: 10 i 3. divisjon
Kjende spelarar: Franjo Tepuric, tidlegare Hødd og U21-spelar for Kroatia.
Litt historie: Bergsøy IL meldte seg inn i Sunnmøre fotballkrets den 7. mai 1951. I 1981 spelte Bergsøy IL i gamle 2. divisjon, som i dag tilsvarar Obos-ligaen. Slik spelte dei høgare i divisjonssystemet enn Aalesund og Hødd, og fekk møte lag som Tromsø, Molde og Sogndal.
Moro-fakta: fram til 1952 var heimebana til Bergsøy så liten at ein ikkje kunne spele 11 mot 11, men måtte spele 8 mot 8.
 
Florø SK (2)
Grunnlagd: 12. juni 1912
Kvar kjem dei frå: Florø i Sogn og Fjordane, 161 km frå Sogndal
Møter Fjøra: 15. juni (Campus) og 9. oktober (H)
Fjorårets tabellplassering: 11. i 3. divisjon
Kjende spelarar: Peter Aase og Kristoffer Ryland
Litt historie: Klubben vart først stifta som Florø fotballklubb, som seinare igjen delte seg i klubbane Florø Varg (for dei borgarlege) og Atgeir (for arbeidarklassen). I 1945 vart Florø Varg og Atgeir slått saman til Florø Sportsklubb. Litt av bakgrunnen for dette var at gjennom samhaldet mot ein felles fiende under krigsåra var det ikkje lenger noko motsetting å snakke om mellom sosialistar og borgerar i byen. Florø spelte på 3. nivå for første gong i 1985.
Moro-fakta: tidlegare ordførar i Florø, Bengt Solheim Olsen, spelte 17 sesongar for klubben frå 1988 til 2004. I 1992 kniva han med Tore André Flo om å verte toppscorar i 3. divisjon, men Flo putta 4 mål i siste kamp for sesongen og enda med 30 scoringar, 1 meir enn Olsen.
 
SK Herd
Grunnlagd: 20. august 1932
Kvar kjem dei frå: bydelen Moa i Ålesund på Sunnmøre, 218 km frå Sogndal
Møter Fjøra: 11. juni (H) og 1. oktober (Campus)
Fjorårets tabellplassering: 3. i 3. divisjon
Kjende spelarar: Fredrik Ulvestad og Amund Skiri
Litt historie: klubben selde Herdhytta (ski-hytta) på Ørskogfjellet for å finansiere eit nytt klubbhus på Moa. Klubbhuset «Herdtun» vart bygd i 1982 saman med 11’er grusbane og 7’er grusbane. I 1998 vart den kommunale kamparenaen «Moa-gras» fjerne på grunn av vegutbygging. I 2002 vart ei ny 11 dekar kunstgras-flate med undervarme ferdigstilt. Hovudbana fekk nytt kunstgrasdekke i 2012.
Moro-fakta: Herd er den største breiddeklubben i Sunnmøre fotballkrets med ca 62 påmeldte lag og 500 aktive fotballspelarar.
 
IL Hødd (2)
Grunnlagd: 1. august 1919
Kvar kjem dei frå: Ulsteinvik på Sunnmøre, 192 km frå Sogndal
Møter Fjøra: 23. mai (Campus) og 12. september (H)
Fjorårets tabellplassering: 9. i 3. divisjon
Kjende spelarar: Åge Hareide og Jan Åge Fjørtoft
Litt historie: Hødd rykka opp til toppserien for første gang i 1965 og var sist i tippeligaen i 1995. I 2012 vart Hødd cupmeister etter å ha slått Tromsø på straffer. I kvalifiseringa til Europa League året etter trakk klubben kasakhstanske Aktobe. Hødd vann første kamp 1-0 heime, men tapte 2-0 borte og vart slik slått ut.
Moro-fakta: i 2014 vann Florø 5-1 over Hødd i cupen. Men dette var ikkje fyrste gang Florø slo Hødd. I 1962 arrangerte Florø ei jubileumsturnering der dei to klubbane møttest i finalen og Hødd måtte gje tapt med 3-1.
 
Kristiansund FK
Grunnlagd: 7. juni 1912
Kvar kjem dei frå: Kristiansund på Nordmøre, 355 km frå Sogndal
Møter Fjøra: 25. juni (H) og 22. oktober (Campus)
Fjorårets tabellplassering: 2. i 3. divisjon
Kjende spelarar: Anders Giske og Stig Arild Råket
Litt historie: KFK har i periodar spelt i 2. divisjon, dagens Obos-ligaen. Frå 1992 til 2003 vingla klubben mellom noverande 2. og 3. divisjon. I 2003 vart KFK og Clausenengen FK samde om ein avtale som gjorde at dei beste frå kvart lag på A-lagsnivå vart samla i Kristiansund Ballklubb, for å prøve å etablere ein eliteklubb i Kristiansund. KFK haldt samstundes fram med sitt eige lag og har veksla mellom å spele i 3. og 4. divisjon.
Moro-fakta: underteikna og KFK sin førstekeeper Sondre Lekve spelte saman på NTNUI i 3. divisjon tilbake i 2012. Kort summert er det godt at vi har ein Flo for å få nokre ballar forbi denne karen.
 
SK Rollon
Grunnlagd: 20. februar 1914
Kvar kjem dei frå: Larsgården i Ålesund på Sunnmøre, 218 km frå Sogndal
Møter Fjøra: 14. mai (H) og 3. september (Campus)
Fjorårets tabellplassering: 1. i 4. divisjon
Kjende spelarar: Øistein Pettersen som fekk testkamp for landslaget i 1936.
Litt historie: dette er den eldste fotballklubben i Ålesund. I etterkrigstida veksla klubben mellom 2. og 3. nivå i norsk fotball. Seinare hamna klubben på 4. nivå før det starta å gå dårlegare frå slutten av 1980-talet. I 1995 vart A-laget lagt ned, men vart starta på ny i 2000 og var tilbake i 3. divisjon i 2006. Klubben er kjend for å ha særs lidenskaplege og fanatiske supporterar.
Moro-fakta: klubbnamnet Rollon kjem ikkje frå å vere sponsa av ein deodorant. Namnet kjem etter Rollo frå Normandie, som er antatt å vere identisk med den sunnmørske vikinghøvdingen Gange-Rolv. Han er også avbilda i klubben si blå-kvite fane.
 
Sogndal IL (2)
Grunnlagd: 19 februar 1926
Kvar kjem dei frå: Sogndal i Sogn og Fjordane
Møter Fjøra: 18. juni (H) og 15. oktober (Campus)
Fjorårets tabellplassering: 4. i 3. divisjon
Kjende spelarar: Eirik Bakke og Anders Stadheim
Litt historie: klubben vart landskjent då ein spelte seg fram til finale i cupen i 1976. Klubben spelte på øvste nivå første gong i 1982. Sidan den gong har klubben til saman 15 sesongar på øvste nivå i Noreg.
Moro-fakta: 14 av 24 spelarar i årets Fjøratropp starta fotballkarriera si i Sogndal-systemet.
 
Spjelkavik IL
Grunnlagd: 18. mars 1932
Kvar kjem dei frå: Spjelkavik, bydel i Ålesund på Sunnmøre, 221 km frå Sogndal
Møter Fjøra: 9. april (H) og 2. juni (Campus)
Fjorårets tabellplassering: 5. i 3. divisjon
Kjende spelarar: Tor Hogne Aarøy
Litt historie: idrettslaget har tilnærma 900 medlemmar, hovudsakleg fordelt på fotball, handball og alpint. Historisk er det lite å finne om klubben men per i dag har fotballklubben ein filosofi om å vere blant dei beste breiddeklubbane innanfor spelarutvikling på Sunnmøre. Som eit resultat av dette ønskjer klubben å ha flest mogeleg eigenproduserte spelarar på seniornivå.
Moro-fakta: Spjelkavik sin assistenttrenar Tor Hogne Aarøy er syskenborn med sportsleg leiar i Fjøra, Jan Rune Årøy.
 
Stryn Fotball
Grunnlagd: 1922
Kvar kjem dei frå: Stryn i Sogn og Fjordane, 135 km frå Sogndal
Møter Fjøra: 30. april (Campus) og 20. august (H)
Fjorårets tabellplassering: 6. i 3. divisjon
Kjende spelarar: 6xFlo og Mats Solheim
Litt historie: Med dei første Flo-ane fekk Stryn si stordomstid frå starten av 1980-talet, og fram til midten av 2000-talet var det berre Jotun og Sogndal som var betre i fylket. Stryn har i periodar spelt på 3. høgaste nivå i Noreg. Klubben var tidleg ute med både storhall (1986) og kunstgras, noko som har vore viktig for spelarutviklinga. Stryn har heilt sidan 1980 utmerka seg som ein talentfabrikk.
Moro-fakta: på eit julebord 11. desember 2000 vedtok leiinga i Stryn 2 ein ny sportsplan som skulle sikre andrelaget Champions League fotball innan 6 år. Med ny kunstgrasbane på plass vart dette sett på som ei naturleg målsetjing, og ein såg ikkje vekk ifrå at lag som Real Madrid og Arsenal kunne bidra til å fylle stadion. 5 år seinare var diverre andrelaget nedlagd.
 
Surnadal IL
Grunnlagd: 13. april 1913
Kvar kjem dei frå: Surnadal på Nordmøre, 403 km frå Sogndal
Møter Fjøra: 24. april (H) og 13. august (Campus)
Fjorårets tabellplassering: 1. i 4. divisjon
Kjende spelarar: Anders Sæter, spelte 28 sesongar for klubben og gav seg i 1976.
Litt historie: klubben vart først danna som IL Framtid, men i 1966 vart det ei ny framtid då ein slo seg saman med IL Bjørn og Surnadal jenteidrettslag. Fotballgruppa sitt høgdepunkt var då ein spelte i 1. divisjon i 1991.
Moro-fakta: dette er moderklubben til tidlegare Fjøra-kaptein Knut Ola Høvik. Etter fullført studietid returnerte Høvik heim, men skadar har diverre tvunge han til å legge opp.
 
SK Træff
Grunnlagd: 1. oktober 1924
Kvar kjem dei frå: Molde i Romsdal, 290 km frå Sogndal
Møter Fjøra: 04. juni (Campus) og 24. september (H)
Fjorårets tabellplassering: 14. i 2. divisjon
Kjende spelarar: Christian Gauseth og Bernt Hulsker
Litt historie: historia bak danninga av Træff seiast å vere at ein i 1924 fann ein ball som Molde fotballklubb hadde mista. Med ein ball og mange gutar som ville spele fotball vart det føreslege å starte ein fotballklubb med 50 øre i kontingent. Det første året fekk klubben 30 medlemmar. 3. rundesigeren over Stabæk i cupen i 2000 reknast som Træff sitt største sportslege høgdepunkt. I den påfølgjande runda måtte klubben gje tapt for Viking.
Moro-fakta: klubbnamnet kjem av at ein skal treffe noko, i første rekkje ballen, men ein kan også tolke det som å score mål. At det vert skrive med æ har sin bakgrunn i at dette ligg nærast til dialekta.
 
Volda
Grunnlagd: 1916
Kvar kjem dei frå: Volda på Sunnmøre, 162 km frå Sogndal
Møter Fjøra: 28. mai (H) og 17. september (Campus)
Fjorårets tabellplassering: 7. i 3. divisjon
Kjende spelarar: Ørjan Håskjold Nyland og Sivert Heltne Nilsen
Litt historie: Frå 1988 og hovudparten av 1990-åra spelte Volda på 3. nivå i Noreg. Lokale spelarar har alltid utgjort fleiralet av spelargruppa, men studentar og skuleelevar har komplementert laget.
Moro-fakta: hovudtrenar for Volda er Dagmund Evebø som sjølv har spelt 233 kampar for klubben. Han fekk også 24 kampar for Hødd og har ei fortid både som trenar i Stryn og toppspelarutviklar i Ålesund fotballklubb.
 
Aalesund FK (2)
Grunnlagd: 25. juni 1914
Kvar kjem dei frå: Ålesund på Sunnmøre, 221 km frå Sogndal
Møter Fjøra: 18. april (Campus) og 7. august (H)
Fjorårets tabellplassering: 12. i 2. divisjon
Kjende spelarar: John Arne Riise og Lars-Kristian Eriksen
Litt historie: fotballen kom til Ålesund gjennom tyske gaster som gjesta byen, og Aalesunds fotballklubb vart skipa rett etter SK Rollon den 25. juni 1914. Fram til opprykket i 2002 opererte Aalesund FK i skuggen av Hødd. Eit tydeleg skifte i klubben si historie var då Kråmyra Stadion vart skifta ut med Color Line Stadion. Med unntak av to nedrykk har Aalesund FK spelt i tippeligaen sidan då. I 2009 og 2011 vann klubben også NM, noko som også kvalifiserte dei til Europa League.
Moro-fakta: heilt tilbake til oppstarten har det vore ei rivalisering mellom Aalesund FK og SK Rollon. I 2006 møttest klubbane for første gang på 28 år, AaFK 2 og Rollon i 3. divisjon. 5 uniformerte politi møtte opp for å trygge at kampen vart gjennomført på sømmeleg vis.

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift