Fjøra - Tertnes 1-3 (1-1)

Skuffande kamp av Fjøra, som dermed er ute av cupen

Foto: Rune Sjøberg
Fjøra tapte fullt fortjent 3-1 heime mot Tertnes i kveldens kvalifiseringskamp i cupen. Tertnes åpna kampen klart best og det gjekk ein halvtime av omgangen før Fjøra våkna til live. Tertnes gjekk opp i leiinga då Mohus heada ballen i mål via tverrliggar om lag kvarteret ut i kampen og hadde også fleire sjansar til å auke leiinga. I staden kom Fjøra med ein forrykande avslutningen på omgangen og hadde tre store sjansar siste ti minuttane. Ein av dei sette Mathias Flo i mål fem minutt før pause etter flott forarbeid av nykommar Kenneth Skjerven. 1-1 stod seg til pause, eit resultat Fjøra hadde mest grunn til å vera fornøgd med.
 
Fjøra kom også godt i gang i andre omgang og fortsatte der dei avslutta første. Alt minuttet ut i omgangen fekk Mats Nondal ein stor sjansa etter at Skjerven hadde vore på farten igjen men Nondal bomma på ballen. Ti minutt ut i andre omgang fekk Edmund Chappy stå heilt åleine på straffemerket og breidsida ein corner i mål. Altfor svak markering av Fjøra ved dette målet. Halvvegs ut i omgangen rota Fjøra på eigen halvdel, noko Tertnes sin Hornnes utnytta og sette enkelt inn 3-1 til bortelaget som også stod seg til slutt.
 
Fortjent seier til Tertnes og ein skuffande forestilling av Fjøra. Me sit att med ein kjensle av at me tapte denne kampen fordi me spelte dårleg og ikkje fordi Tertnes er eit så mykje betre lag enn oss. Me var på etterskot i store deler av kampen, noko fem gule kort i andre omgang er eit synleg bevis på. Me var ikkje tøffe nok i duellane og slo for mykje langt utan at me hadde nokon å slå på. Nokre gode periodar i kampen hadde me, det var siste kvarteret av første omgang og første ti minuttane av den andre men ein fotballkamp varer som alle veit vesentleg lenger enn 25 minutt. Så her er det berre for dei Fjøraspelarane som vil spela første seriekamp og bretta opp ermane, nullstilla og visa seg fram frå ei langt betre side i lørdagens treningskamp mot Åsane 2.
 
Me takkar Tertnes for kampen og ønsker dei lykke til i første ordinære runde i cupen, og eventuelt i seinare rundar.
 
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Onsdag 30.03 kl 19.00
Arena: Sognahallen
Turnering: NM 2.kvalikrunde
Dommar: Frank Heggestad
        
Fjøra – Tertnes 1-3 (1-1)
0-1    13 min Gustav Mohus
1-1    40 min Mathias Flo (K.Skjerven)
1-2    54 min Edmund Chappy
1-3    67 min Eirik Nielsen Hornnes
 
Gult kort: E. Outzen, E. Stedje, M. Flo, S Olsen, E Kristoffersen
 
Fjøra:
Leif Lysne
Eirik Stedje (Olem Solberg frå 88.)
Per Eirik Lunde (Jonas Halvorsen frå 85.)
Knut Øystein Ripe
Eirik Kristoffersen
Espen Outzen
Steffen Olsen
Runar Heggestad
Mats Nondal (Trond Vegard Ripe frå 75.)
Kenneth Skjerven
Mathias Flo
 
Alle bilder under tatt av Rune Sjøberg, me takkar og bukkar:

 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift