Prematch Spjelkavik - Fjøra

Seriestarten har aldri vore nærare og Fjørastallen gler seg til endeleg å komma i gang på laurdag

To dagar gjenstår før Fjøra gjer seg klar å reisa dei 221 kilometrane til Spjelkavik, den nest største bydelen i Ålesund. Turansvarleg Per og Knut Idar har sydd saman reisa med avreise 0830 frå Sogndal og med ein liten beinstrekk og matbit i Ørsta før kampstart i Spjelkavik kl 1600.
 
Fjøra har hatt varierande prestasjonar i treningskampane og mykje skadar men mange er no tilbake i tillegg til at me nyleg fekk over Runar Heggestad og Kenneth Skjerven frå Sogndal 2, to spelarar som me trur kan løfta nivået ytterlegare. Utfordringa for Fjøra i år vert og heva botnnivået og levera meir stabilt gode prestasjonar opp mot det nivået me veit me har inne. Kynisme i begge boksar er nøkkelord då ein vert vesentleg hardare straffa no dersom ein ikkje er heilt påskrudd.
 
Det er to tøffe kampar som ventar Fjøra i starten då både Spjelkavik og Ålesund 2 er venta og kjempa i toppen av divisjonen. Heile sju ganger skal Fjøra til Møre og Romsdal på vårsesongen, men det gjer også at me får ein atskillig meir behageleg haust då det kun vert tre turar til nabofylket. For vår del kan me ikkje tenka så mykje tabell men meir prestasjon og korleis vi heile tida kan bli litt betre, både som lag og kvar enkelt. Klarer vi å henge med i kampen om dei fem øverste plassane når haustsesongen startar kan det bli ein spennande haust. Om me ikkje skulle klare dette, er det mykje god læring og utvikling i å spele mot gode tredjedivisjonslag sjølv om ein havnar litt bak dei beste laga.
 
Me i Fjøra ser fram til seriestart no og ynskjer alle våre motstandarar, dommarar og publikum lykke til med sesongen! Fjøra sin trenar, Håvard Hatle gler seg og har gitt oss denne kommentaren to dagar før 3.divisjon avdeling 8 vert sparka i gang:
 
«Troppen som reiser er ikkje helt klar enda men det som er klart er at Ole M Bolseth, Arne M Fossland og Sigmund Å Myhre er ute med skader. Alle tre er på vei tilbake men neppe aktuelle for noen kamptropp før om et par uker.
 
For å ha noe å spille om denne sesongen så bør vi være med å kjempe om topp 5 plassering, så vi kommer til å gjøre det vi kan for å greie det. Samtidlig er det viktig at vi fortsetter å bygge på det positive som skjer i Fjøra om dagen slik at hvis en ikkje greier det så har vi fortsatt et godt lag med lokale spillere. Vi tror også at det i år skal bli kjekt å se Fjøra spille fotball og håper på godt oppmøte på hjemmekampene.
 
Spjelkavik er et av de lagene som garantert kommer til å være med å kjempe om topp 5 og det er nok en av de vanskeligste bortekampene for sesongen. De er et veldig godt hjemmelag som spiller med stort tempo og mye bevegelser, i tillegg har de forsterket seg bra fra i fjor. Men vi reiser opp dit for å spille vårt spill og satser på at det blir en bra kamp med mange positive opplevelser for spillerne våre. Så får vi se om det blir med noen poeng hjem igjen.
 
Jeg tror det er rmange lag som kan kjempe om de øverste fem plassene i årets tredjedivisjon: Herd, AAFK2, Spjelkavik, Træff, Bergsøy, Kristiansund, Stryn, Volda. Og forhåpentligvis Fjøra!
 
Ellers så er det kjekt at det er så mange gode unge lokale spillere igjen i Fjøra, så fremtiden ser veldig lys ut uansett hvilke divisjon vi skulle befinne oss i i 2017.»

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift