Fjøra - Aafk2 1-1

Poengdeling for Fjøra

Foto: Stig Høynes (arkiv)
Fjøra fortset og plukka poeng frå antatte topplag då det i kveld enda 1-1 mellom Fjøra og Aalesund 2. Den første omgangen skjedde det veldig lite og me noterte vel knapt ein sjanse utover nokre halvfarlege skot frå distanse. Aalesund hadde ballen mykje og trykka Fjøra tidvis langt bakpå men utan og produsera store sjansar. Fjøra jobba hardt og låg kompakt, men me klarte ikkje og holda nok i ballen til at me fekk flytta laget opp i bana og Mathias vart veldig åleine på topp. Siste kvarteret kom me meir med og hadde også to farlege langskot frå Wigum og Outzen.
 
Også i andre omgang trilla Aalesund mykje ball og etter om lag timen hadde dei også ein ball i nettet, men målet vart annulert for offside. Etter dette åpna det seg litt opp og det skjedde vesentleg meir siste kvarteret enn det hadde gjort første 75 minuttane. Først ein stor sjanse til Mathias Flo før Skjerven vart felt like innanfor 16-meteren og Fjøra fekk sjansen frå straffemerket. Wigum var sikker som banken  frå 11-meteren og Fjøra såg sjansen til ein ny trepoengar. Men i det 84.minuttet utlikna innbytar Mathiesen for Aalesund då han vakkert curla ballen i lengste hjørnet for Mjelleli. Aalesund hadde litt trykk på slutten men det enda til slutt 1-1.
 
Fjøra står dermed med 4 poeng etter og ha møtt to gode lag og det skal me vera fornøgd med. Kenneth Skjerven var mykje involvert i det offensive for Fjøra i dag og skaffa også Fjøra straffesparket. Defensivt låg me kompakt og slapp ikkje Aalesund mykje til trass ein del ballinnehav. God laginnsats og alt i alt var vel uavgjort eit greitt resultat. Aalesund med mykje ball men sjansemessig var nok laga like gode.
 
Sjå også livereferat for dei viktigaste hendingane i kampen: http://www.firda.no/fotball/live/#/
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Mandag 18.04 kl 19.00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Tommy Skjerven
        
Fjøra – Aalesund 2  1-1 (0-0)
1-0    77 min Gøran Wigum (Kenneth Skjerven)
1-1    84 min Bendik Mathiesen
 
Gult kort: Ingen på Fjøra
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Eirik Stedje
Per Eirik Lunde
Runar Heggestad
Knut Øystein Ripe
Espen Outzen (Ole Martin Bolset frå 83.)
Steffen Olsen
Gøran Wigum
Mats Nondal (Trond Vegard Ripe frå 71.)
Kenneth Skjerven
Mathias Flo 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift