Surnadal - Fjøra 1-1

Årets lengste bortetur enda med uavgjort 1-1 i ein ikkje altfor god fotballkamp

Fjøra åpna best og hadde mykje ball og eit par halvfarlege skot frå distanse første ti-femten minuttane. Etter dette jamna det seg ut og siste halvtimen var prega av mykje duellar og knapt ein sjanse til nokon av laga. Men halvtimen ut i kampen vart Surnadal tildelt straffe for armbruk i ein hovudduell. Tja seier me, den såg veldig billeg ut… Straffen gjekk i mål og 1-0 til heimelaget. Like etter dette fekk Per Eirik seg ein smell i ein duell i motsatt ende av bana og måtte forlata bana med ein lett hjernerystelse.
 
Surnadal hadde også ein farleg heading på overtid i første omgang men resultatet stod seg til pause. Surnadal jobba godt og Fjøra klarte ikkje å skapa omtrent noko som helst i første omgang.
 
Andre omgang fortsatte litt som den første. Surnadal la seg djupt og forsvarte leiinga si men Fjøra var meir på hugget og trøkka på for utlikning. Det oppstod to veldig tvilsomme situasjoner inne i boksen til Surnadal der Fjøra vil ha straffe, men dommaren vinka spelet vidare begge gangene til Fjøra sin store frustrasjon. Me er av den oppfatning av at Fjøra sine to situasjonar begge var klarare enn den det vart blåst på i første omgang så me følte oss litt snytt for muligheiten for scoring frå 11-meteren.
 
Minuttet før ordinær tid kom endeleg scoringa. Flott forarbeid av Trond Vegard Ripe som skar inn frå venstre og fann Gøran i boksen. Gøran fann nettmaskene og scora med det for tredje kamp på rad. Like etter fann Mathis Flo Skjerven med ein heading men Skjerven fekk ikkje skikkeleg treff på ballen og klarte dessverre ikkje og avgjera kampen.
 
Årets lengste bortetur enda dermed uavgjort for Fjøra. Ingen god kamp av verken dommar eller Fjøra i dag. Me mangla litt trøkk og tempo i spelet vårt og klarte ikkje å bruka kantane godt nok til å komma til legg mot eit djuptliggande Surnadal. Positivt at me klarar å trøkka inn ei utlikning på tampen, det gjer turen heime litt lettare. Me takkar Surnadal og dommar for kampen og ønsker dei lykke til vidare i sesongen.
 
Neste Fjørakamp er på Campus laurdag 30.april kl 16. Stryn er motstandar og det vert vel meir som eit lokalderby å rekna så me håpar flest muleg tek seg ein tur for å sjå litt lokalfotball då
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Søndag 24.04 kl 13.00
Arena: Amfi Park kunstgras
Turnering: Seriekamp
Dommar: Per Ivar Skrøvset
        
Surnadal – Fjøra  1-1 (1-0)
1-0    30 min Stein Todalshaug (str)
1-1    89 min Gøran Wigum (Trond Vegard Ripe)
 
Gult kort: Gøran Wigum, Trond Vegard Ripe, Steffen Olsen
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Eirik Stedje (Ole M Bolset frå 64.)
Per Eirik Lunde (Arne M Fossland frå 37.)
Runar Heggestad
Eirik Kristoffersen (Trond Vegard Ripe frå 46.)
Espen Outzen
Steffen Olsen
Gøran Wigum
Mats Nondal (Jonas Halvorsen frå 81.)
Kenneth Skjerven
Mathias Flo
 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift