Fjørabloggen

Fjørabloggen tek denne gong føre seg draktene til Fjøra

FjøraDraktbloggen

Fjørabloggen er klar med eit nytt tema som det burde vore sett søkelys på for lenge sidan, nemleg den estetiske vurderinga av Fjøra sine drakter. Dette er særskild aktuelt no då strandsitjarane har fått nye heimedrakter føre årets sesong. Til opplysning så kjem omgrepet estetikk frå det greske ordet aisthesis og er eit kunstteoretisk omgrep som nyttast om «læra om det vakre og skjønne i kunsten».

Det er Umbro, den Manchester-baserte produsenten av sportsutstyr, som gjennom Intersport leverer klubben sin offisielle bekledning. For å unngå å støtte opp om næringa i Manchester har styreleiar og hardbarka Liverpool-supporter Wolff Navarsete kvart år forsøkt å endre utstyrsleverandør, men så lenge det er United-supporter Ylvisåker som styrer pengane så vert status at «vi gjer det slik som vi har gjort det før».

Heimedrakta

Eg startar med den nyaste drakta og som de sikkert allereie har lagt merke til så er ikkje dette ei slim-fit-drakt. Dette vart gjort medvite frå klubben si side då det vart klart at Ole Marius satsa for fullt inn i sesongen, elles vil det jo heller ikkje overraske om både Fylling og Nilsen får eitt eller to innhopp i løpet av sommaren og hausten. Då er det greitt at dei får på seg drakta.

Når det gjeld grunndesignet i drakta har Umbro lagt inn fleire kvite detaljar enn i den gamle drakta. Dei kvite felta under armane gjer seg godt, særskild fordi overarmane til Knut Ripe vert meir markert med lys bakgrunn, medan det kvite innslaget i kragen er forstyrrande. Dei halve Umbro-logoane på skuldrane har eg sett Umbro bruke på fleire av sine nye produkt, men etter mi vurdering gjer dette til at drakta ser slitt ut allereie før første kamp. Ein kan få inntrykk av at drakta er feilvaska på 90 grader og deretter herja med i tørketrommelen. Eg kan tenke meg at Knut-Idar riv seg i håret av fortviling og makteslause, for han set som alltid si ære i at utstyret og bekledning skal haldast i god stand.

Det er eit klårt pluss at klubblogo og logoen til både Lerum og Sparebanken Sogn og Fjordane har same fargekombinasjon som drakta. Samstundes er det då forstyrrande med dei to siste sponsorlogoane som står i sterk kontrast med sin blåfarge. Dette trekk altså ned heilskapsinntrykket, og det er synd då ein rein raud og kvit-kombinasjonen ville grensa til ei legendarisk pen drakt.

Bortedrakta

Denne drakta har Fjøra nytta i nokre år etter at klubben kjøpte eit sett frå overskotslageret til Statens vegvesen (nesten sann påstand). Sjølv om klubben altså har hatt denne i fleire år, så er ein relativt restriktive med å nytte den i kamp. Årsaken til dette er at så fort strandsitjarane får på seg drakta så snik det seg inn ein gruppementalitet om at det er OK at hovudparten vert ståande og sjå på at berre ein eller to jobbar og slit. Dette har altså å gjere med den uskrivne samfunnsnorma om større grupper kledd i heildekkjande sjokkgult.

Drakta er så utruleg kul i seg sjølv at det nesten ikkje er mogeleg å gjere noko feil med design eller logoar. Likevel må eg kome med nokre merknadar. Dei svarte stripane på armane og i kragen gjer til at den enorme logoen til Sparebanken Sogn og Fjordane kjem unna med æra i behald. Også kombinasjonen med raudt og blått i AH-Bygg og Intersport-sin logo går fint saman med den sjokkgule bakgrunnen. Då er det meir problematisk med Lerum-logoen, både i fargeval og plassering. Dette er altså minst like malplassert og upassande som ketsjup på biff. Men pengane snakkar, og eg trur Lerum la på eit 0-tal til i sponsorbudsjettet for å sikre seg dette dominante uttrykket. Det kom nok godt med, for dersom eg hadde vore sponsor-ansvarleg for SISOF hadde eg ikkje betalt altfor mykje for å pryde dette draktsettet. De kan jo sjølv sjå om de greier å finne SISOF sin logo?

Sett under eitt har Fjøra her ei bortedrakt som skrik særpreg med stor S. Drakta samsvarar i alle fall med mitt motto for å trene styrke på idrettssenteret: «Dersom prestasjonen ikkje vert bra, så skal det i alle fall sjå bra ut». Etter mi meining er det berre å få kopiar av desse draktene ut i supporter-butikken, her bør det vere ein marknad og pengar å tene.

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift