Fjøra - Stryn 2-0

Fjøra framleis utan tap etter fire kampar

Foto: Stig Høynes (arkiv)
Fjøra slo Stryn 2-0 og står dermed med to sigrar og to uavgjort sålangt. Første omgangen var jamn sjansemessig med to store sjansar til begge lag. Fjøra hadde tidleg i kampen ein stor sjanse der Wigum tvinga fram ein god redning frå Hanssen i Strynmålet før Steffen Olsen klinka ballen i mål frå om lag 20 meter etter 17 minutt. Litt etter dette var både Mads Wie og Vegard Hopland åleine igjennom, men Mjelleli var fint ute begge gangene og hindra utlikning.
 
I andre omgang har Fjøra stort sett grei kontroll og skaper nokre farlege sjansar etter legg men avslutningane vart ikkje gode nok. Olsen måtte gi seg med skade i pausen men vart erstatta av ein ung og sprek kar frå Loftesnes som fortsatte den gode jobben Olsen la ned i første omgang. I det 83.minuttet fekk Fjøra straffe då Wigum vart kakka på hælen inne i boksen til Stryn. Wigum gjorde som han pleier frå 11-meteren og punkterte kampen for Fjøra, fire kampar og fire mål for kapteinen til Fjøra.
 
Fjøra står med 8 poeng etter fire serierundar og har plassert seg på ein finfin fjerdeplass, poenget bak Spjelkavik, Herd og Træff. Nok ein solid kamp av Fjøra der dei sjeldan slepp motstandaren til og dei to gongene det vart skikkeleg farleg viste Mjelleli klasse.
 
Me takkar dommar og Stryn for kampen og ønsker dei lykke til vidare i sesongen. Etter kvart kjem det nok ein del bilder frå kampen både på Fjøra si facebookside og på haugenfotball.no, stay tuned!
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 30.04 kl 16.00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Johnny Skjerven
        
Fjøra – Stryn  2-0 (1-0)
1-0    17 min Steffen Olsen (Knut Ripe)
2-0    83 min Gøran Wigum (str)
 
Gult kort: Gøran Wigum, Mathias Flo
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Ole M Bolset
Knut Ripe
Runar Heggestad
Eirik Kristoffersen
Eirik Stedje (Sigmund Årdal Myhre frå 90.)
Steffen Olsen (Erik Loftesnes frå 46.)
Gøran Wigum
Jonas Halvorsen (Adrian Gjermundstad frå 90.)
Kenneth Skjerven
Mathias Flo
 

 

 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift