Fjøra - Hødd 2 3-2

Fjøra tilbake på vinnarsporet i ein jamn og dramatisk kamp

Foto: Rune Sjøberg (arkiv)

Fjøra slo Hødd 2 3-2 men måtte verkeleg jobba for poenga og Hødd 2 vil nok reisa heim med ei kjensle av at dei hadde fortjent poeng. Hødd var det beste laget i første omgang og Fjøra sleit med å demma opp for godt mellomrom- og kantspel på det unge bortelaget. Spesielt i starten av kampn rota Fjøra ein del men midt i denne perioden spaserte Runar Heggestad 70-80 meter med ballen før han gav vidare til Skjerven som sendte Fjøra i leiinga. Sjølv om Hødd var gode med ball stod Fjøraforsvaret godt imot og heldt leiinga inn til pause.

I andre omgang hadde Fjøra betre kontroll defensivt og etter 49 minutt dobla Espen Outzen leiinga men kun minuttar seinare reduserte Hødd 2. Etter 64 minutt begynte dramatikken då Skjerven vart felt på veg igjennom og målscorar Sondre Beite vart utvist. Høddleiren meinte ikkje Beite var bakerste mann og Høddtrenaraen vart etter kvart sendt på tribuna for protestar. Kvarteret seinare sendte Halvorsen Fjøra opp i 3-1 men Høddforsvaret meinte Halvorsen stod i offside då han mottok ballen. Truleg marginal onside og ei god avgjersle av linjemannen, iallfall sett med Fjøraauger. Fjøra var knapt ferdig med å jubla før ballen låg i nettet bak Mjelleli og Hødd hadde redusert nok ein gang. 3-2 og spennande siste ti men Hødd klarte aldri og pressa Fjøra skikkeleg med ein mann mindre og Fjøra kunne hanka inn nye tre poeng på kontoen.
 
Ein kamp der Fjøra skal vera godt fornøgd med at alle poenga vart verande på Campus, spesielt med tanke på første omgang men Fjøraforsvaret med Lunde og Heggestad i spissen rydda godt unna i periodane Hødd køyrde kampen. I andre omgang fekk dei og med seg midtbana og slepp ikkje bortelaget like mykje til. Gode enkeltmannsprestasjonar offensivt, spesielt av Kenneth Skjerven, gav ein sterk heimesiger mot eit ungt og godt Høddlag. Fjøra klatra med denne sigeren opp på fjerdeplass og heng fortsatt godt med i kampen om dei 4-5 øvste plassane som gir fornya kontrakt.
 
PS! Kampen vart forøvrig dekka av mediaelevar frå Sogndal vidaregåande skule og det vil nok etter kvart komma litt bilder, video og intervju etc på Fjøra si facebookside. I tillegg vil nok Kent Fimreite på «Hallo sogn streaming og videotjenester» komma med nokre highlights frå kampen då heile kampen vart filma.
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Mandag 23.05 kl 19.00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Johnny Skjerven
        
Fjøra – Hødd 2  3-2 (1-0)
1-0      3 min Kenneth Skjerven(Runar Heggestad)
2-0    49 min Espen Outzen (Kenneth Skjerven)
2-1    52 min Sondre Beite
3-1    79 min Jonas Halvorsen (Kenneth Skjerven)
3-2    80 min Sveinung Tilseth Sæterås
 
Gult kort: Gøran Wigum, Jonas Halvorsen, Eirik Stedje, Arne M Fossland
Raudt kort: Sondre Beite (Hødd 2, 64 min)
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Ole M Bolset
Per Eirik Lunde
Runar Heggestad
Eirik Kristoffersen
Kenneth Skjerven
Arne Martin Fossland
Gøran Wigum (Trond Vegard Ripe frå 44.)
Jonas Halvorsen
Espen Outzen
Mathias Flo (Eirik Stedje frå 61.)

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift