Herd - Fjøra 2-1

Nok eit knepent tap for Fjøra

Foto: Rune Sjøberg
Som mot Træff sist helg vart det i dag eit knepent 2-1 tap mot topplaget Herd. Herd styrte kampen frå start og Fjøra vart liggande mest og forsvara seg. Fjøra stod godt imot og akkurat som mot Træff var den defensive jobben Fjøraspelarane la ned solid. Men når ein ligg og forsvarer seg godt går det ofte litt på bekostning av det offensive og me klarte ikkje holda ballen lenge nok i laget til at me fekk flytta opp mange nok folk i angrep til å skapa dei store sjansane.
 
57 minutt ut i kampen gjekk Herd opp i leiinga på eit skot frå 16-20 meter medan Fjøra kvitterte kun tre minutt seinare på ein mønsterovergang. Fjøra vann ballen på eigen halvdel og Loftesnes fekk etter kvart ballen på høgrekanten. Blikket som for nokre år sidan fann Ingri Ness fann no Kenneth Skjerven på bakerste og han hamra ballen i mål på andre touchen. 1-1 og Fjøra kom mykje meir med i kampen etter målet men siste ti minuttane av kampen var det Herd som jaga seiersmålet. Og knappe ti minutt før slutt scora heimelaget og dermed vart alle poenga verande att i Ålesund.
 
Tap 2-1 mot dei to laga som har skilt seg ut i avdelinga, men Fjøraspelarane bør sei seg fornøgd med prestasjonen i begge kampane. Kollektivet Fjøra gjorde det vanskeleg for både Træff og Herd og med litt meir marginar kunne ein fått med seg poeng her. Ein del og gå på offensivt ettersom me ikkje held ballen nok i laget til at me kan angripa med mykje folk men slik vert det av og til når motstanden er god.
 
Litt tynt i rekkene er det i Fjøra om dagen og i dag var det kun to mann på benken men me håpar fleire er tilgjengelege att neste veke. Først heimekamp mot Florø 2 onsdag kl 19 og deretter borte mot SIL 2 på laurdag kl 16. Så ikkje berre bli sittande i sofan og sjå på EM, kom deg ut og få med deg litt god lokalfotball også :)
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 11.06 kl 16.00
Arena: Moa
Turnering: Seriekamp
Dommar: Kristian Melset
        
Herd – Fjøra  2-1 (0-0)
1-0    57 min Andreas B Rekdal
1-1    60 min Kenneth Skjerven (Erik Loftesnes)
2-1    84 min Ingolfur Ørn Kristjansson
 
Gult kort: Ingen på Fjøra
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Ole M Bolset
Per Eirik Lunde
Runar Heggestad
Eirik Kristoffersen
Kenneth Skjerven
Knut Ripe (Jonas Halvorsen frå 86.)
Eirik Stedje
Erik Loftesnes
Espen Outzen
Trond Vegard Ripe 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift