Vinnarar gavekort Intersport

Gavekort på 4000 kr til Vigdis Mardal, Erna Andersen og Catherine Stigen Bøen

Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.
 
Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit gåvekort pålydande 4.000 kroner frå Intersport Sogndal. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 3 vinnarar i slengen. Vinnarane vil få tilsendt gavekortet i løpet av kort tid.
 
Vinnarane for januar, februar og mars vart trekte i pausen mot Spjelkavik, og dei heldige vinnarane finn du under, me gratulerer!
 
Januar                Nr  042      Vigdis Mardal            
Februar              Nr  291      Erna Johanne Andersen              
Mars                  Nr  196      Catherine Stigen Bøen

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift