Fjøra - Spjelkavik 2-0

Viktig seier og Fjøra opp på femteplass

Foto: Morten Hagen
Som i serieåpninga borte vart det tomålsseier til Fjøra mot Spjelkavik, denne gang også med smoltring bakover. Spjelkavik med litt meir ballinnehav enn Fjøra i den første omgangen men utan og skapa dei store sjansane. Lite som skjedde i første omgang anna enn at det var to godt organiserte lag som møttes og der ingen klarte og skapa allverden.
 
Etter ein liten pauseprat fekk Kenneth Skjerven fart på beina og kun 15-20 sekund ut i den andre omgangen forserte han om lag 50 meter før han spelte fri Mathias Flo som berre kunne spasere ballen i tomt mål og 1-0. Same Flo avgjorde kampen på overtid då han sette 2-0 åleine med keeper, etter ein flott pasning i bakrom frå Espen Outzen. I mellom dei to måla hadde Per Eirik Lunde, Runar Heggestad og resten av Fjøralaget god kontroll på det Spjelkavik prøvde seg på og maskineriet Fjøra framstod solid kampen gjennom.
 
Dagens seier sendte Fjøra opp på femteplass og ein er dermed der ein hadde håpa og vere etter endt vårsesong, for fullt med i kampen om dei øvste 4-5 plassane som gir fornya kontrakt. No får spelarane og det sportslege apparatet ein velfortjent ferie etter at det har gått i eitt sidan starten av januar og i slutten av juli samlast ein att til trening før første haustkampen borte mot AAFK2 7.august.
 
Truleg spelte Runar Heggestad sin siste Fjørakamp i dag og me må takka han for innsatsen og ynskjer han velkommen tilbake ved ein seinare anledning. Det er også knytt litt usikkerhet til om alle våre jølstringar vert verande i bygda, time will show kvar dei er når kampane er i gang att i august.
 
Vel blåst og god sommar frå alle i Fjøra!
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 02.07 kl 15.00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Vegard Yndestad
        
Fjøra– Spjelkavik  2-0 (0-0)
1-0    46 min Mathias Flo (Kenneth Skjerven)
2-0    90 min Mathias Flo (Espen Outzen)
 
Gult kort: Ingen på Fjøra?
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Ole M Bolset
Per Eirik Lunde
Runar Heggestad
Eirik Kristoffersen
Kenneth Skjerven
Knut Ripe
Eirik Stedje
Espen Outzen
Mathias Flo
Trond Vegard Ripe (Mats Nondal frå 87.)
 

 

 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift