Henrik Navarsete til Fjøra

SIL 2 sin kaptein, Henrik Navarsete, vart i dag klar for Fjøra

Henrik Navarsete meldte i dag overgang frå SIL2 til Fjøra og vert dermed speleklar til søndagens kamp mot Ålesund 2. Navarsete er midtstoppar og er henta som erstattar for Runar Heggestad som har flytta til Oslo for studiar. Navarsete er 19 år og har i år vore kaptein på det unge Sogndallaget, og me håpar han kan ta nye steg når han no kjem inn i ei litt meir vaksen spelargruppe. Me er svært glade for å ha Henrik på plass i Fjøra og han tek no opp jakta på å gå forbi sin far, Frode, på adelskalendaren (100 kampar - 18 mål).

Også Magnus Bjørvik (Gaular og tidlegare Førde) og Sven Ove Gjøringbø (Førde) vil i løpet av kort tid verta Fjøraspelarar, då begge to skal studere i saftbygda frå i haust. Bjørvik er kantspelar medan Gjøringbø kan brukast i fleire posisjonar, både på midten og som back.

Me ønsker nykomarane velkommen til klubben og gler oss no til ein spennande haust. Alt i morgon er det klart for haustens første kamp då Fjøra møter Årdal til treningskamp i Årdal

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift