Aalesund 2 - Fjøra 4-1

Fortjent tap i Aalesund mot eit god Aafk2-lag

Eit sterkt Aalesund 2-lag vart for sterke for Fjøra i går og heimelaget vann til slutt fortjent 4-1. Sunnmøringane stillte eit sterkt lag medan Fjøra reiste med kun 12 mann grunna ein del skadar og sjukdom.
 
Spesielt i første omgang var Fjøra på hælane og me kom aldri skikkeleg inn i kampen. Anders Waagan gav heimelaget leiinga etter 27 minutt før Skjerven like etter utlikna på ein retur frå eit kanonskot fra Trond Vegard som traff tverra. Men Aalesund var gode i denne omgangen og Sondre Brunstad Fet la på til 2-1 og 3-1 før dommaren blæs til pause, og heimelaget var nok nærmare ei større leiing til pause enn Fjøra var redusering
 
I andre omgang løfta Fjøra seg fra den dårlege første omgangen men når Aalesund auka til 4-1 etter 64 minutt var kampen i realiteten avgjort og resultatet stod seg ut kampen.
 
Fjøra trenar Håvard Hatle var skuffa over første omgang, då me ikkje presterte opp mot det nivået me veit me har inne. I andre viste laget tæl og vilje og jobba seg meir inn i kampen sjølv om Aalesund var det beste laget også i denne omgangen og vann kampen fortjent. Me møtte eit veldig godt Aalesundlag og med mange spelarar ute vart det ein vanskeleg kamp, fortel Hatle som framhevar Håvar "minikokken" Mjelleli sin innsats i kampen.
 
Nye muligheiter for Fjøra laurdag kl 13 då me spelar heimekamp mot Surnadal, vel møtt!
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Søndag 07.08 kl 15.00
Arena: Color Line Stadion
Turnering: Seriekamp
Dommar: Torgeir Halsen
        
Aalesund 2– Fjøra  4-1 (3-1)
1-0    27 min Anders Waagan
1-1    30 min Kenneth Skjerven (Trond Vegard Ripe)
2-1    35 min Sondre Brunstad Fet
3-1    38 min Sondre Brunstad Fet
4-1    64 min Anders Waagan
 
Gult kort: Arne Martin Fossland
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Ole M Bolset
Arne Martin Fossland
Henrik Navarsete (Elias Saltnes frå 82.)
Eirik Kristoffersen
Kenneth Skjerven
Mathias Flo
Svenn Ove Gjøringbø
Espen Outzen
Trond Vegard Ripe
Erik Loftesnes

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift