Trekning Fjørakontraktar

Vinnar for april, mai, juni vart Kristin Selmer, Leo Hillestad og Nils Vegard Kvam. Sjølve kampen vann Fjøra greit 2-0 etter mål av Mathias Flo og Gøran Wigum

Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.
 
Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit gåvekort pålydande 4.000 kroner frå Intersport Sogndal. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 3 vinnarar i slengen. Vinnarane vil få tilsendt gavekortet i løpet av kort tid.
 
Vinnarane for april, mai og juni vart trekte under kampen mot Surnadal, og dei heldige vinnarane finn du under, me gratulerer!
 
Januar               Nr  042      Vigdis Mardal            
Februar              Nr  291      Erna Johanne Andersen              
Mars                 Nr  196      Catherine Stigen Bøen        
April                 Nr  395      Kristin Marie Selmer                   
Mai                   Nr  099      Leo Hillestad            
Juni                  Nr  199      Nils Vegard Kvam              
Juli                   Nr  000     
August              Nr  000             
September         Nr  000             
Oktober             Nr  000             
November          Nr  000             
Desember          Nr  000

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift