Stryn - Fjøra 2-1

Stryn hakket bedre og me kom aldri nærmare enn reduseringa til Mathias Flo

(Alle bilder er knipsa av Stig Høynes. Sjå www.haugenfotball.no for heile bildegalleriet!)
 
Fjøra tapte i går 2-1 borte mot Stryn etter at me låg under 1-0 til pause. Heimelaget styrte mykje av spelet første halvdel av omgangen medan Fjøra sleit med å komma skikkeleg i gang og 12 minutt ut i kampen kom me under 1-0. Eit unødvendig mål å få i mot, både med tanke på at det såg ut som det var ein Strynspelar som rota ballen over dødlinja i situasjonen som førte til corneren og med tanke på at Myklebyst fekk stå heilt åleine og styre ballen i lengste hjørnet. Utover i omgangen kom me meir med og skapte eit par farlege sjansar, den største kom då Eirik Kristoffersen fann Mathias inne i boksen men Mathias breidsida ballen like utanfor stolpen til Hanssen i Strynmålet.
 
Andre omgang starta litt slik som den første. Det såg ut som det mangla litt sprut i bevegelsane og ballbehandlinga til Fjøraspelarane og sjølv om alle la ned ein knallhard jobb så var det litt meir trøkk og entusiasme i heimelaget. Dei var litt meir i forkant av situasjonane og etter 65 minutt fekk Wie stå heilt åleine etter ei misforståing i Fjøraforsvaret, og åleine med keeper auka han leiinga til 2-0.
 
Akkurat i det det såg ut som lufta var i ferd med å gå ut av Fjøraballongen og Stryn hadde eit par feite sjansar til, fekk Mathias ein fin stikkar frå Ole Martin og reduserte til 2-1. Nytt liv i kampen men me klarte aldri og trykka Stryn skikkeleg bakpå på slutten. Det nærmaste me kom var eit farleg innlegg frå Loftesnes og eit frispark frå Wigum på tampen men 2-1 stod seg kampen ut.
 
Nye mulegheiter for Fjøra med to heimekampar på rappen no. Først ut er Bergsøy laurdag 27.aug kl 16 og deretter kjem Rollon på besøk laurdag 3.sept kl 15, begge tøffe kampar. Me håpar derfor og sjå deg på Campus dei to neste laurdagane, vel møtt!
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 20.08 kl 15.00
Arena: Stryn Stadion
Turnering: Seriekamp
Dommar: Johnny Skjerven
        
Stryn– Fjøra  2-1 (1-0)
1-0    12 min Erling Tenden Myklebust
2-0    65 min Mads Wie
2-1    69 min Mathias Flo (Ole M Bolset)
 
Gult kort: Espen Outzen
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Ole M Bolset
Gøran Wigum
Joar Hoberg
Eirik Kristoffersen (Steffen Olsen frå 46.)
Kenneth Skjerven
Arne Martin Fossland
Svenn Ove Gjøringbø
Espen Outzen
Mathias Flo (Erik Loftesnes frå 78.)
Mats Nondal

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift