Fjøra - Bergsøy 2-1

Referat frå kampen mot Bergsøy, litt seint då referenten for til Skjolden for å feira trepoengaren :)

Etter ein svak kamp mot Stryn sist og litt ruskete start på haustsesongen fekk Bergsøy kjenna på aggressive og entusiastiske Fjøraspelarar frå start og me leverte ein av våre bedre kampar for sesongen i 2-1 sigeren i går.
 
Det var tydeleg at Fjøra ville noko i denne viktige sekspoengs-kampen og alt etter to minutt gav Mathias Flo Fjøra leiinga. Men sjølv om det var Flo sitt mål skal me ikkje gløyma det flotte forspelet til scoringa. Flott oppspel frå Hoberg opp på kant før Kristoffersen fann Skjerven på eit fint løp. Etter kvart enda ballen hos Nondal som sleiva litt med innlegget men Gjøringbø sitt løp frå motsatt kant forstyrra keeper såpass på første stolpe at ballen trilla til Mathias på bakerste. I kamp med to Bergsøyforsvarar var Mathias den som var mest våken og kunne kriga inn ei tidleg Fjøraleiing etter mange gode bevegelsar frå mange involverte. Frå Kenneth vann ballen midt på bana hadde me 14 trekk i laget før Mathias avslutta angrepet med scoring!
 
Fjøra var aggressive frå start og kom klart best ut frå startblokkene men utover i omgangen jamna kampen seg litt ut. Bergsøy kom seg oftare opp i mellomrommet men forsvaret til Fjøra stod godt i mot fram til me fekk straffe i mot etter 25 minutt og bortelaget utlikna. Ros til Fjøraspelarane som i liten grad lot seg prega av baklengsmålet og me var fleire ganger farleg frampå før pause.
 
Me åpna best også i andre omgang men kom ikkje til dei heilt store sjansane. Midt i omgangen reddar Gjøringbø oss med ein redning på streken før Mathias Flo litt seinare ikkje får skikkeleg dreis på avslutninga åleine med keeper. Bergsøy har også ein stor sjanse på slutten då dei slapp litt lett til men Stenehjem avvergar med ei praktredning. Fire-fem minutt inn i overtida har Bergsøy corner og håpar nok og avgjera kampen. Men inne i boksen ruvar Fjøra sin kaptein, Gøran Wigum, og headar ballen utover i returrommet. Mats er våken og held  oppassaren sin bak seg før han spelar fri Mathias midt på eigen halvdel. Mathias som nettopp var inne i eigen 5-meter legg av gårde i lange Flo-klyv og sjølv om eit par Bergsøyspelarar dei neste 50 metrane prøver å få han i ubalanse på vegen er det ikkje hjelpi for Flo har bestemt seg. Til slutt kjem det ein Bergsøyspelar og pløyer han ned inne i boksen og klar straffe. Så mykje vilje i det løpet til Flo 5 minutt på overtid gir eit veldig bra bildet av det Fjøraspelarane leverte kampen igjennom. Straffe = Gøran Wigum = mål og fortjent 2-1 seier, ein heilt nødvendig seier for å henga med i kampen om topp 5.
 
Vanskeleg å trekka fram nokon på Fjøra i dag sjølv om me sjølvsagt ikkje kjem utanom Mathias Flo. Men dette var ein lagseier der alle jobba og stod opp for kvarandre og ikkje minst viste stor entusiasme, noko me savna litt sist mot Stryn. Me skal heller ikkje gløyma dei som har sutte ein del på benken no, jobbar hardt på trening etter trening og klagar ikkje på lite speltid. Ein vinn ikkje kampar med 11 mann og alle i stallen er og vil vera like viktige bidragsytarar framover. Skadar og karantenar vil komma og då gjeld det å gripa sjansen når ein får den.
 
Neste kamp for Fjøra er allereie laurdag kl 15 på Campus då Rollon kjem på besøk.
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 27.08 kl 16.00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Johnny Skjerven
        
Fjøra – Bergsøy 2-1  (1-1)
1-0      2 min Mathias Flo (Mats Nondal)
1-1    25 min Franjo Tepuric str
2-1    90 min Gøran Wigum str (Mathias Flo)
 
Gult kort: Mats Nondal
 
Fjøra:
Geir Stenehjem
Ole M Bolset
Gøran Wigum
Joar Hoberg
Eirik Kristoffersen
Kenneth Skjerven
Arne Martin Fossland (Steffen Olsen frå 78.)
Karsten Bjelde
Svenn Ove Gjøringbø (Erik Loftesnes frå 85.)
Mathias Flo
Mats Nondal 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift