Fjørabloggen 2016

Fjøra - Rollon 5-1

Dei siste vekene på idrettssenteret har Knut Idar trakka meg i helane og stadig gjenntatt “når kjem neste blogg?”, “no må du skrive blogg!”.  Dette er jo relativt slitsomt over tid, og han er uforskamma lett på foten når han ser nokon han skal prate med, så det er ikkje lett å riste han av seg heller. Så no dreg eg altså i gang forsøket på eit nytt innlegg på Fjørabloggen.

Samstundes er det altfor lenge sidan eg har fått observert Fjøra på trening eller i kamp, så bloggen vil nok ikkje berre innehalde det uvesentlege framover, men også det avslørande kunnskapslause. For å bøte på dette stilte eg difor opp på dagens kamp mot Rollon, eit av divisjonen sine desiderte bunnlag. Når eg i tillegg set meg saman med Wolff og Mardal i speakerbui  bør det vere gode mogelegheiter for å verte oppdatert på både fakta, lause rykter og endå meir tvilsame historier undervegs.

Min første observasjon er at sidan mai har det kome så mange nye fjes i dette Fjøra-laget at utan draktene hadde eg nok hatt problem med å vite kva lag eg skal halde med i dag.  Eller som Hjeltnes ville sagt: “Dette er ikkje kjernen, det er vi som er kjernen, Kees!”. Eit Fjøra-lag nærme tabelltoppen fungerer jo som eit kjøkkenlys på møll. Og når overgangsvindauget står på vidt gap, då er det litt av kvart som kjem rekande. Kjekt er det jo då at det er lokale gutar i Navarsete, Hoberg og Bjelde (den kvite Pogba) som trer på seg Fjøra-drakta. Så har Fjøra vidare signert son til Jenny Følling, Magnus Bjørvik (han greier nok lett å snakke seg inn på laget), saman med Gjøringbø frå Førde. Nokre sindige sunnfjordingar blant elles brautande sogningar er i mine auge ein vital del av suksessoppskrifta for eitkvart fotballag.

Over til kampen så opnar denne jamt, Mardal i bui kan melde om verdas største sjanse då Rollon-spissen  tidleg skusslar vekk ein sjanse åleine med Mjelleli. Adjektiva sitt altså laust denne ettermiddagen, nesten like laust som perspektivet. Det vert observert at Knut Idar ser nervøs ut på motsett side av bana der han trippar uroleg fram og tilbake. Elles vert det gjort eit stor poeng at Anders Giske på Rollon, faktisk heiter Anders Giske. Akkurat som Anders Giske.  (Den originale Anders Giske er altså tidlegare landslagsspelar og sportsleg leiar i Sogndal Fotball. Han er også far til Madeleine Giske, noko som i mine auge må vere hans beste prestasjon). Etter halvspelt omgang kan Wolff konstatere at det har vore mange sjansar hittil, men han sitt noko uroleg på stolen då ein del av desse sjansane også har falt til Rollon. Ein Rollon-spelar tek saka (ballen) i eigne hender  for å roe pulsen til Wolff og forærar slik Fjøra eit straffespark. Wolff er derimot heilt innstilt på at hjartet skal oppleve ein anstrengande ettermiddag og melder at Wigum kjem til å brenne straffesparket. “Nei, ikkje Wigum!” melder Mardal tydeleg attende. Mardal får rett, og like etter aukar også Fjøra til 2-0 ved Nondal. Så roer kampen seg litt att, men Wolff gjer sitt ytterste for å halde publikum engasjert ved å melde at dei er vitne til ein historisk begivenhet: det har nemleg truleg aldri skjedd i Fjøra si historie at 3 ballar har hamna på taket i løpet av ein 1. omgang. Like bak kan han vidare melde at det no minkar på kake i kiosken. Svært god kommunikasjon mellom kiosken og bui her altså.

Med nykokt kaffi frå kiosken (du byrjar å få dreis på blandingsforholdet no, Arild) er teamet meir enn klar for 2. omgang. Innleiande kan Knut Idar melde via telefon at dagens tilskodartal er 119 stykker. Wolff tek teljinga til bankmannen med ein stor klype salt, men oppmøtet må uansett reknast å vere bra. Det er tydelegvis attraktivt å sjå eit fotballag som faktisk har eit uttalt resultatmål... Fjøra scorar etter 10 minutt, men det herskar full forvirring i bui om kven som scora målet. Wolff etterlyser målscorar over anlegget og før spørsmålet er ferdigstilt er Knut Idar på telefonen og melder at Mathias Flo (the usual suspect) var gjerningsmannen. Det vert konstatert at Mjelleli har vore noko slepphendt i dag. Den beste medisinen er nok at han snart får seg noko så han vert mindre anspent. Det burde ikkje vere ei særskild stor utfordring no som studinene er attende i bygda. Så jenter, ver så grei å ta ein for laget! Mardal kommenterer på liven at Bjelde har prestert bra i dag, men han bør også teste skotfoten. Bjelde får tydelegvis med seg dette og dreg til med eit langskot like etter, ikkje det at han treff mål, altså. Fjøra aukar etterkvart til 5-0 og storbonden kan lett bruke heile innbyttarkvoten. Det vert mellom anna eit gledeleg gjensyn med Håvard Stedje, som har vore ute altfor lenge med to etterfølgjande beinbrot! Navarsete har tydelegvis spelt mykje sandvolleyball i sommar, og på rein refleks nyttar han eit dobbelt begerslag for å rydde unna eit Rollon-innlegg i eige felt. Rollon protesterar, men dagens dommar finn ingenting å utsette på teknikk og utførelse og det vert difor ikkje blåst straffe. Corner er fortsatt mål og for å avrunde kampen skrur Rollon ballen rett i kassa. Vi får håpe at akkurat det ikkje er grunnen til at Mjelleli får noko mindre søvn i natt.

Bloggen er forhåpentlegvis snart attende med nye vrangforestillingar. Ha ei flott helg då!

 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift