Hødd 2 - Fjøra 2-3

Sterk borteseier og med tre strake sigrar har Fjøra henta seg fint innatt etter ein litt treg start på haustsesongen

Hødd åpna kampen best og allereie etter åtte minutt drog Brautaset seg innover i bana før han banka ballen i nærmaste hjørnet. Etter halvtimen dobla heimelaget leiinga på straffe av Sundgot og det såg litt stygt ut med tanke på tre poeng. Men fem minutt før pause lada Karsten Bjelde kanona frå 25 meter og sjølv om han skaut med lauskrutt glapp ballen mellom hanskane på keeper og til viktig redusering 1-2.
 
Eirik Kristoffersen måtte gi frå seg plassen frå start i dag då han vart bilsjuk av køyringa til Per Barsnes:) :) Etter litt frisk sunnmøreluft meldte han seg klar til andre omgang og erstatta Erik Loftesnes som gjorde ein god figur på ein litt uvant backplass. Reduseringa like før pause var god motivasjon og karane viser god moral utover i andre omgang og pressar på for alle poenga. Etter 50 minutt utlikna Fjøra etter flott forarbeid av Hoberg på høgresida. Innlegget hans fann Mathias Flo som heada rett på keeper før Skjerven enkelt kunne setta inn returen. Og så, fire minutt på overtid, var innbytar Magnus Bjørvik på rett plass til rett tid og sikra alle tre poenga med heimatt til Sogndal.
 
Fjøra dermed seks poeng framfor Hødd 2 i staden for at dei hadde vore a poeng slik det såg ut til pause og svært viktige poeng og ta med seg. God moral og me let oss ikkje prega for mykje av at me ligg under 0-2. Hødd best i første og Fjøra best i andre og vår første borteseier sidan serieåpninga mot Spjelkavik (med unntak av «bortekampen» mot SIL2)
 
Etter tre sigrar på rappen er me med for fullt i kampen om dei øvste fem plassane så møt opp på neste heimekamp laurdag 17.september kl 16.00 då Dagmund Evebø og Volda kjem på besøk. Klarer me og fylla eine langsida på Campus?
 
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Søndag 11.09 kl 15.00
Arena: Høddvoll
Turnering: Seriekamp
Dommar: Øyvind Nesdal Birkeland
        
Hødd 2 – Fjøra 2-3  (2-1)
1-0      8 min Håkon Brautaset
2-0    29 min Johannes Sundgot str
2-1    39 min Karsten Bjelde (Mathias Flo)
2-2    50 min Kenneth Skjerven (Mathias Flo)
2-3    90 min Magnus Bjørvik (Joar Hoberg)
 
Gult kort: Gøran Wigum, Karsten Bjelde
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Joar Hoberg
Henrik Navarsete
Gøran Wigum
Erik Loftesnes (Eirik Kristoffersen frå 46.)
Arne Martin Fossland
Karsten Bjelde
Svenn Ove Gjøringbø (Magnus Bjørvik frå 75.)
Steffen Olsen (Eirik Stedje frå 89.)
Kenneth Skjerven
Mathias Flo

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift