Påmeldingsinfo Kjempenes Liga 11-12.november

Påmeldingsperiode fra 13.september til 31.oktober. 24 herrelag og 8 damelag

Kjempenes Liga 2016 vert arrangert 11.-12. november. Påmelding til tylvisaaker@hotmail.com innan 31.oktober der du oppgir lagnavn, kontaktperson og tlf/mail (de skal få mail i retur som bekrefting på at de er påmeldt) Innan 5.november skal alle lag ha sendt lagoppstilling til samme mail og lisensspelar skal merkast med L bak navnet.

For tilreisande herrelag som ønsker å spela innleiande kampar laurdag prøver me så langt det er muleg å legge til rette for det, oppgi dette i påmeldinga! Damelaga spelar i utgangspunktet innleiande fredag men viss nok lag kan det også bli spelt innleiande laurdag. Dei første 24 herrelaga og 8 damelaga er sikra plass, så blir det vurdert fortløpande om me aukar antallet. Påmeldingsavgift 2000 kr betales kontant i sekretariatet seinast 15 min før ditt lags første kamp! 

Sidan det er begrensingar på aktive spelarar har me ikkje eiga bedriftsklasse men me oppfordrar fleire bedrifter til og gjera som Holen Installasjon, Elkjøp og Mesta i 2015 og stilla lag. Velkommen til turnering og ikkje minst ein sosial kveld på "byn" i Sogndal etterpå. Ingen organisert bankett men me kan garantere at det vert god stemning utover kvelden lørdag på Sogndal Hotell. (CC 100 kr) Om ditt lag treng overnatting eller ønsker bordbestilling på Pergola / Vågal gir dette gratis inngang på Kjempenes Liga festen. Ta kontakt direkte med Sogndal Hotell på booking.sogndal@choice.no dersom dette er av interesse. Vinnarlaga får gratis inngang på hotellet samt gavekort på pizza eller anna servering.

Ver obs på begrensing på antal aktive spelarar, sjå  fullstendig reglement under. (Frå 2017 vil det bli endringar i reglane vedr aktive spelarar pga endring i divisjonssystemet)

 
 
TURNERINGSREGLEMENT

 §1 - Spelebane
1.
Bana vil bli ca. ¼ av ei normal bane.
2.
Måla som blir brukt er 2x5 meter.
 
 
§2 - Spelarane
1.
Kvart lag må minimum bestå av 8 spelarar, maksimum 12 spelarar. Det kan søkast dispensasjon til å få nytta fleire spelarar.
2.
Maks 6 spelarar på bana (samstundes) frå kvart lag, medrekna keeper. Innbyte kan skje fritt.
 
 
3.
Ein kan ikkje spele for fleire lag under turneringa, ei heller om opprinneleg lag vert utslegne i gruppespelet.
 
 
§3 – Begrensingar – ”lisensspelarar”
1.
Spelarar må fylle 16 år inneverande år for å delta, inga begrensning i høve øvre aldersgrense.
2.
Herrespelarar 16-34 år, frå og med 3. div og oppover i divisjonssystemet vert rekna for ”lisensspelarar” dersom dei har starta obligatorisk seriekamp inneverande år.

Damespelarar 16-34 år, som har starta obligatorisk seriekamp i 2. divisjon eller høgare inneverande sesong, vert rekna som "lisensspelar".

Spelarar  frå det året dei fyller 35 år og oppover kan delta fritt, uansett nivå dei spelar på.
3.
For aktive herrespelarar i 4. div vert ein spelar som har starta meir enn 1 obligatorisk seriekamp rekna som ”lisensspelar”. (Dvs 1 kamp fra start og 10 som reserve = ikkje lisens, 2 kampar fra start = lisens)
4.
Aktive herrespelarar frå og med 5. div og nedover, og damespelarar frå og med 3. div og nedover vert ikkje rekna som ”lisensspelarar”.
5.
Maks 2 ”lisensspelarar” i kvar tropp/lag.
6.
Det kan berre vere 1 ”lisensspelar” på bana per lag til ei kvar tid.
 
 
 
 
§4 - Generelle reglar
1.
Kamptid 1x13 minuttar.
2.
Alle lag pliktar å stille seinast 5 minuttar før oppsett kamptid. Dersom eit lag ikkje møter til kampstart vert motstandarlaget tildelt seier 3-0, og 3 poeng.
3.
Er det uavgjort i sluttspelet etter full tid, vil det verte sudden death. Det skal då spelast 3 mot 3 inklusiv keeper i 2,5 minutt og deretter 2 mot 2 inklusiv keeper i 2,5 minutt. Viss ikkje mål etter 5 minutt vert det avgjort på straffe, ein og ein. Det er ikkje lov med spelarbyte i sudden death, men ein kan velge mellom alle på laget når straffane byrjar
4.
Innkast og corner vil bli som normalt, offside eksisterer ikkje.
5meter  avstand til mur ved frispark o.l.
Kun direkte frispark, indirekte frispark eksisterer ikkje
5.
Straffespark vil bli teke frå grenselinja til straffefeltet dvs. so langt ut so keeper kan ta ballen med hendene.
6.
Det vil bli ein domar per kamp. Ver snill mot domaren!
7.
Sklitakling er ikkje lov og vert ansett som  forseelse som gir frispark i mot. Det er lov med såkalla hockeyblokkering, men det inneber ein viss avstand til spelar. Keeper kan sklitakle innanfor målområdet sitt.
8.
Gult kort: Utvising i 3 minuttar. Spelaren som får gult kort har høve til å koma inn att så snart straffa er sona. Det er ikkje høve til å setja inn ein annan spelar for den som vert utvist. Laget må spela med ein mann mindre i 3 minuttar.
9.
Raudt kort: Spelaren vert utvist for resten av kampen. Laget har ikkje høve til å setja inn ny spelar. Den utviste spelaren kan spele neste kamp med mindre sekreteriat/dommar meiner forseelsen er av særs grov karakter
10.
Keeper må kaste ut når han set i gang. Ved dødball har keeper ikkje lov å kaste ballen over midtlina. Brot på dette vert straffa med frispark til motstandar på midtlina. Keeper har lov å kaste ballen i mål når ballen er i spel
 
 
§5 - Sluttspel
1.
Om to lag står likt etter dei innleiande kampane, blir plasseringa avgjort slik:
A.  Målforskjell
B.  Flest scora maol
C.  Innbyrdes oppgjer
D.  Loddtrekning  av  Jan Rune Årøy eller ein anna adekvat loddtrekkarperson.
2.
8-delsfinalane vil gå etter oppsettet, men dersom det viser seg at lag frå same innleiande pulje (kan bli tilfelle dersom tredje beste lag går vidare) skulle møtast i 8. delsfinalen vert det rokkeringar. Ikkje spesielt artig å møta same lag som i gruppespelet.
 
 
§6 - Utstyr
1.
Eige ansvar, men ser helst at deltakarane brukar leggbeskyttarar, då mykje står på spel, og ambulansen ekje alltid so god å få fat i. Fjøra låner ut vestar til dei som ikkje har høve til å stilla med eigne drakter.
 
 
§7 - Skadar
1.
Fjøra fråskriv seg alt ansvar ved personskade, men stiller med det mest naudsynte utstyret for førebyggjing av skade, is og tape.
 
 
§8 - Protest
1.
Protest kan leverast munnleg til sekreteriater seinast 5 minutt etter kampslutt.
§8 - Sanksjonar
1.
Lag som trekker seg etter påmeldingsfristen er ute må betale halv påmeldingsavgift
2.
Lag som nyttar seg av fleire lisensspelarar enn det som er tillatt iflg reglement får ikkje spele fleire kampar i turneringa
 
 

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift