Kjempenes Liga feirer 15 år

I samanheng med at årets turnering er nr 15 i rekka vil me med ujamne mellomrom framover legga ut nokre kampreferat frå den første turneringa i 2002. Me begynnar med å legge ut invitasjonen som vart sendt ut til bedrifter og andre i 2002

Når Kjempenes Liga vert arrangert 11-12.november vert det turnering nr 15 i rekka. Då turneringa såg dagens lys gjekk den ikkje over ei helg slik som no men over fleire månader med kampar to kveldar i veka. Det vart lagt ned omfattande arbeid med å dekka turneringa, blant anna vart det skrive kampreferat frå alle kampane og samtlege målscorarar og kortsamlarar vart registrert og ført statistikk på. Dette omfattande arbeidet var også etter kvart årsaken til at me måtte komprimera turneringa ned til ei helg så det vart meir leveleg for dei som arrangerte turneringa på dugnad. Turneringa er i dag godt innarbeidd og det har siste åra vore rundt 35 deltakande dame- og herrelag.

I forbindelse med 15-årsjubileumet vil me framover legga ut nokre av desse kampreferata så de får eit lite innblikk i korleis denne turneringa arta seg i sitt første leveår. Nokre av laga frå den gongen deltek framleis i turneringa og nokon vil me nok sjå att også i år. Stor takk til Jan Fuglesteg,Tom Wolff Navarsete og alle andre for framifrå arbeid den gong og til Jan som gjer det mogleg og henta fram att desse referata i dag. 

I dag startar me med å legga ut invitasjonen frå 2002 samt nokre OSS (eller FAQ som det heiter på aingelsk) og oppmodar framleis spesielt bedrifter til å melda seg på turneringa (PS! Ver obs på at reglane nevnt under ikkje gjeld i dag, sjå eiga sak for dagens reglement):

"Velkomen til Kjempenes Liga
Då ynskjer me velkomen til eit nytt tiltak i regi av Fjøra FK. Kjempenes Liga er ei fotballturnering for bedriftslag, kameratgjengar eller samansette grendalag.
Me vonar at dette arrangementet vil falla i smak og at det kan verta til ei årleg happening for folket i bygdi. Kjempenes Liga er altså ein lokal vri på den meir kjente turneringa Chamions League. Det er nesten dei same reglane, det er nesten like mykje pengar involvert, prestisjen er enorm og vinnarane vert truleg omsverma av hylande dritungar som vil ha autografar.
 
Me vil i tida framover prøva å få på plass 32 lag. Det er sendt ut invitasjon til ei rekkje verksemder og einskildpersonar så me håpar å kunne nå denne målsetjinga før turneringsstart tysdag 5. november kl 18:00. På desse nettsidene vil me fylgja turneringa tett. Det vert skrive referat frå kampane, med bilete frå kampsituasjonar og frustrerte lagleiarar som riv seg i håret dei ikkje har, statistikk og mykje anna. Dei innleiande kampane vert unnagjort før jul og vil vera avslutta 12. desember. For halvparten av laga er då turneringa over, men for resten ventar knallharde cupkampar, med oppstart like etter nyttår.
 
VIKTIGE DATOAR FRAMOVER
21.10.02
Siste frist for påmelding av lag
22.10.02
Rangering av laga
28.10.02
Trekning av grupper
05.11.02
Oppstart turnering innleiande grupper
07.01.03
Oppstart sluttspel
18.01.03
Finale/Bankett
Det kan bli endringar i dette oppsttet, men då vil det bli gitt beskjed til lagleiarane.
Me håpar de finn tiltaket interessant og melder på eit lag til turneringa.

Publisert: 06.10.2002"
 
 
I tillegg til invitasojen frå 2002 har vi denne klassikaren:
 
OSS - Ofte Spurde Spørsmål
OSS kunne vore ei korting for Ozzy Osbourne (stakkars mann forresten) men det tyder Ofte Spurde Spørsmål og er det norske svaret på FAQ. Det er utruleg kva spørsmål me får inn i høve turneringa og her kjem nokre oppklaringar.
Me har fått inn mange spørsmål og her kjem eit knippe viktige og mindre viktige spørsmål som potensielle turneringsdeltakarar lurer på.
Viktige spørsmål:
Eg er ein mykje habil 33 åring som har spelt aktiv fotball i 3. divisjon, kan eg delta?
- Svaret er ja. Alle over 30, om dei har vore aktive og løyst spelarlisensen spelar inga rolle. Me tek med at alle må vera over 18 år for å delta, og at kvart lag kan ha ein spelar mellom 18-30 år som har vore aktiv inneverande sesong.
Eg er ein familiemann og lurer på om turneringa vil ta mykje av fritida mi?
- Svaret er definitivt nei. Kvart lag spelar tre innleiande kampar på 2 x 15 minuttar. Det vert ein kamp kvar 14. dag og det bør dei fleste ta seg tid tid. For dei laga som kjem til finalen ventar fire nye kampar, etter nyttår, og her vert kampprogrammet hardare, med opptil to kampar i veka.
Kvar skal turneringa gå?
- Inne i Sognahallen.
Eg er lagleiar for eit av laga som skal vera med og lurer litt på kva som vil vera oppgåvene mine.
- Lagleiarane skal møta opp den dagen gruppene vert trekte. Vidare skal dei fylla ut "dommarkort" for kvar kamp, med dei spelarane som deltek i kvar kamp. Dei skal også føre på kven som scora måla evt. og kven som evt. fekk kort. Slike skjema kan hentast på desse sidene etterkvart, eller hentast i sekreteriatet for turneringa før kampstart. Lagleiarane skal også syta for at spelarane på laget får informasjon dersom det skulle bli endringar i høve kampoppsett etc.
Ein spelar frå Nestangen lurer på om turneringa berre moro eller om den er seriøs.
- Sjølve opplegget rundt turneringa er i høgste grad professjonelt sjølv om namnet til nokre av laga skulle tilseie noko heilt anna. Poenget er sjølvsagt å skapa litt aktivitet ein periode i året då dei fleste har problem å koma seg opp frå sofaen. Sjølvsagt er også det sosiale apsektet ein viktig del av turneringa. Folk skal ha det moro!
 
Mindre viktige spørsmål:
Ein einsleg syltekokar frå Lerum lurer på om det er nokre damer som har meldt seg på.
- Me kan diverre ikkje gå ut med slike opplysningar no.
Ein Fortunsdøl lurer på kor tid bussen går ut frå Sogndal.
- Det vil bli hengt opp bussruter i Sognahallen både til Lusterfjorden og andre stadar.

Publisert: 11.10.2002"
 
Me kjem tilbake med eit kampreferat frå ein av kampane like over helga. I mellomtida spelar Fjøra ein viktig kamp borte mot Træff, følg kampoppdatering live på www.livesenter.no laurdag kl 15:00!

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift