Historiens første Kjempenes Liga-kamp 2002

Pøkkers og Leite Mix sparka i gang turneringa i 2002

Me har i dag leita fram gruppene frå 2002 samt kampreferat frå historiens første Kjempenes Liga kamp mellom Sogndal Pøkkers og Leite Mix, to stamgjester i Kjempenes Liga samanheng. Pøkkers sparka i gang den første kampen i 2002 og er påmeldt for femtande gang i 2016 medan Leite Mix såvidt me veit deltok fram til 2014 medan dei glimra med sitt fråvær i 2015. Me ønsker begge lag og alle andre velkomne attende i 2016!

 

Gruppe A

 

Gruppe B

 

Gruppe C

 

 

 Sogndal Pøkkers

 

Budlevatn IL Bøyg og Tøyg L/L 
Leite MixDelicate kick assMoccachoffs
VoteVidarFjørastyret HBP Bingen F.C.
LambatattadnMyragutaneSogndal kommune

 

Gruppe D

 

Gruppe E

 

Gruppe F

 

 

 Luster

 

Pedagogikkstudentadn FC JekladeBraBoys 
Jostedalen BlandalagKokarad'nSogndal Mottak
UnderdogsLerum KonservesAll Star FFK-1879
Øyanekameratane                  SIL/Sognahallen                         Jackson Five                        

 

KAMPRAPPORT
SOGNDAL PØKKERS - LEITE MIX 0-3  ( Rue (14), Skjerven (18), Ø.Høgi (27) 

Første gruppekamp - 5. november 2002  18:00
Sognahallen - Bane 1

SOGNDAL PØKKERS:
Kenneth Aardal
Øystein England
Fred D. Risløw
Lars H. England
Leif Arve Årøy
Per Helge Hågvar
Jan A. Kvam
Jonny Ølnes
Jermund Breili
Frode Kvam
Bjarte Myklebust
LEITE MIX:
Terje Kvam
Atle Eikevik
Morten Fardal
Vidar Sanden
Ørjan Høgi
Gro Eikevik
Stein Magnar Rue
Solfrid Skjerven
Christian Systad
Frank Nyheim
Domar: Jan Rune Årøy, Fjøra FK
Kort: Ingen
Få problem for Leite Mix
Tysdag 5. november 2002
 
Sogndal Pøkkers har ambisjonar om å få flest mogleg raude kort i Kjempenes Liga. Og i starten av kampen såg det verkeleg ut som om det skulle bli ein del kort. Både Pøkkers og Leite-karadn trødde til i duellane så det small i reklameskiltet til Jakobsen Skoforretning. Dette resulterte i at Jermund Breili måtte ta teljing i starten av kampen og måtte ut med ein kneskade.

Leite tok over
Tempoet i starten var høgt, men etterkvart som strikkmotorane til Pøkkers hadde snurra ferdig og den verste byksinga hadde gitt seg greidde Leite Mix å ta inn ballen og Pøkkers vart springande i mellom. Det skal nemnast at sjølv om tempoet datt fleire hakk, var taklingane lika harde. Her skulle det ikkje givast ved dørane, nei.

Historisk mål
Leite hadde det meste av spelet og hadde fleire brukbare sjansar, men lukkast ikkje med å putte ballen bak Kenneth Aardal i Pøkkers-buret før det stod att kun 1 minutt av fyrste omgang. Det var i røynda ikkje nokon sjanse, men Stein Magnar Rue delja te frå langt hald og ballen fauk inn i nota. Rue sitt mål var det fyrste i KL og med det skreiv han historie, god Sogndalshistorie. Ein annan historie som nok ikkje var like morosam sett med Rue sin auge, var då Pøkkersmålvakt Aardal fekk stjernetreff på ballen, noko som førte til at Rue fekk ballen rett i familiejuvelane. Rue sokk saman, sjølvsagt, men kom seg att når den verste bjelleklangen hadde gitt seg.

A-B-C mål
Andre omgang starta med eit solid Leite press og etter 4 minutt av omgangen dobla dei leiinga. Og det var litt av ei perle. Leite spelte seg gjennom Pøkkers-forsvaret med 1-touch spel av beste sort og til slutt kunne Solfrid Skjerven setja ballen flott i mål.

Pøkkers hadde og nokre halvsjansar, men skota gjekk enten over eller så redda Terje Kvam i Leite-buret. Elles likte me Frode Kvam på midtbana til Pøkkers. Han var vel den einaste som hadde litt ro i røvi.

Tre minutt før full tid fastsette Ørjan Høgi sluttresultatet til 3-0. Han tok inn ballen, passerte tre spelarar og skaut utagbart til venstre for Kennet Aardal. Ein flott prestasjon av Høgi dette.

Kva no Pøkkers?
Leite Mix fekk ein flott start på turneringa og har no særs gode moglegheiter til å gå vidare. Dei møter VoteVidar i sin neste kamp og bør ha gode voner om ein ny trepoengar der. For Pøkkers ser det verre ut. Me trur nok med fordel at laget bør læra seg å disponera kreftene litt betre. Å svi av alt kruttet dei fyrste 10 minutta løner seg sjeldan. Men, men større under har skjedd før.

Kampens hending: Målet til Solveig Skjerven. Vakkert! Vakkert!

Publisert: 06.11.2002

 Generalsponsor:
 
 Hovudsponsorar:

   

       

  Sponsorar:                           

           

     

   

     

    

              

        

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

      

 

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift