Træff - Fjøra 2-0

Surt tap i Molde mot tabellnabo Træff

Ein del skadar i Fjøra siste tida og til denne kampen mangla me Kenneth, Steffen, Elias, Espen, Mats, Per Eirik og Ole Martin. Nokre tunge fravær men me har likevel såpass god breidde i stallen vår at me reiste til Molde med godt håp om både eitt og tre poeng. Gledeleg også og sjå Erik «the guard» Fossnes tilbake på benken etter eit år i Hans Majestet Kongens Garde. Han vil vera med litt framover før han reiser vidare på studiar etter jul.
 
Kampen åpna jamnt utan altfor mykje sjansar og det var tydeleg at dei som no fekk sjansen ville visa seg fram frå si beste side. Men 26 minutt ut i kampen plukka ein Træffspelar opp ein retur etter eit innkast og banka ballen i mål frå om lag ti meter og 1-0. Etter målet tok Træff litt over før Fjøra fekk to store sjansar til å utlikna. Først stussa Mathias Flo til Loftesnes som avslutta rett på keeper før Gjøringbø like etter kom åleine igjennom men også den avslutninga gjekk rett på Træff sin målvakt og knapp leiing til heimelaget når laga gjekk i garderoben.
 
Ved pause måtte Hoberg ut med skade, og me la om til 4-4-2 og sette Bjørvik inn på topp med Mathias. Nok ein skade gjorde at comebacket til ass.trenar Ole Morten Kvam kom stadig nærmare men han sat like roleg som vanleg på benken mens Fossnes etter kvart marsjerte seg litt varm på sidelinja mens han taktfast mumla ett-to-ett-to!
 
Etter 65 minutt spelte Træff seg fri på sin venstrekant og på innlegget stod Anders Stavnesli heilt åleine på bakerste og kunne auka til 2-0. Litt uheldig då me fort kunne hatt uavgjort til pause men Træff var farlegare enn oss der det er mest viktig, nemleg framfor mål! Heimelaget tok grep om kampen etter 2-0 scoringa og hadde blant anna eit farleg frispark som minikokken fekk avverga til corner. Me klarte ikkje å setta inn noko stort press på slutten og kampen ebba ut med 2-0 seier til Træff.
 
Me skal ikkje dvela for mykje over dette tapet då me visste dette var ein vanskeleg bortekamp. God innnsats av karane og med litt meir marginar og dyktighet hadde me vore ajour til pause og kampen kunne sett heilt annleis ut. Utover i andre omgang blir me nok litt slitne og klarer ikkje å vera like mykje oppi Træffspelarane som me var i første. Neste helg ventar nok ein tøff kamp då topplaget Herd kjem på besøk så det er ikkje anna og gjera enn å bretta opp ermene og gå for nye poeng. På grunn av at Sogndal – Brann vart flytta til laurdag kl 18 er vår kamp flytta inn i Sognahallen kl 1530. Ei stund sia sist me spelte seriekamp i Sognahallen no men hugs at dette er gamle leikegrindi til Fjøra FK så her har tabellposisjonen til Herd lite og bety og me går for tre poeng! Varm opp til slaget om vestlandet med Fjøra-Herd laurdag 1.oktober kl 1530 i storhallen, inngang 50 kroner.
 
 
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 24.09 kl 15.00
Arena: Reknesbanen
Turnering: Seriekamp
Dommar: Ola Magne Nordvik
        
Træff – Fjøra 2-0  (1-0)
1-0    26 min Rolf Andre Bratli
2-0    65 min Anders Stavneli
 
Gult kort: Arne Martin Fossland
 
Fjøra:
Håvar Mjelleli
Joar Hoberg (Magnus Bjørvik frå 46.)
Henrik Navarsete
Gøran Wigum
Eirik Kristoffersen
Karsten Bjelde
Arne Martin Fossland
Eirik Stedje
Erik Loftesnes (Erik Fossnes fra 85.)
Mathias Flo
Svenn Ove Gjøringbø

 Hovudsponsorar:

  

       

  Sponsorar:                       

           

           

     

   

     

    

           

 

Støttespelarar/minisponsorar:

                    

              

    THARASO AS      Solberg Social

    

      

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift